Heim Nyhende LNK 20 år - i språkåret

LNK 20 år – i språkåret

Landssamanslutninga av nynorskkommunar fyller 20 år i år.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar blir 20 år i år, og føyer seg dermed fint inn i rekkja av jubilantar i språkåret.
 
– At jubileet vårt fell saman med språkåret passar oss veldig fint, då får vi ekstra merksemd kring språkspørsmåla,  seier styreleiar Astrid Myran Årvik.
 
LNK vart stifta sommaren 1993 på Bryne, etter initiativ frå dåverande kultursjef i Bergen, Sigve Gramstad. Organisasjonen skulle bli eit nettverk og eit talerør for nynorskkommunane. LNK tel i dag 123 medlemer, og medlemene er kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap og samanslutningar.
 
– Når du er blitt 20 år, så er du ikkje ein tenåring lenger. LNK er blitt vaksen, sterkare og meir innarbeidd, seier styreleiar.
– Vi har eit stabilt medlemstal og vi har bevist at vi har livets rett.
 
– Og sjølv om organisasjonen har jobba i 20 år med å skape positive haldningar til språk og kultur, så er det framleis bruk for oss, seier Myran Årvik.
 
LNK ønskjer å halde språkdebatten varm og legg derfor opp til ei 20-årsmarkering i form av eit større ordskifte utpå vårparten.
 
Du kan lese meir om LNK i 20 år, kva organisasjonen har betydd for kommunane og kva dei skal jobbe med i framtida i LNK-avisa som kjem i veke 12. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...