Heim Nyhende Hadia hylla Ivar på 200-årsdagen

Hadia hylla Ivar på 200-årsdagen

– Ingen ansvarleg språkpolitikk for framtida kan gå utanom nynorsken, sa kulturminister Hadia Tajik i 200-årstalen til Ivar Aasen. 

Nynorskhøvdingen blei måndag kveld feira få meter frå den vesle stova der han blei fødd for akkurat 200 år sidan. Festen blei sungen i gang med tonane frå Aasen-songane «Mellom bakkar og berg» og «Dei gamle fjell i syningom». Deretter heldt kulturminister Hadia Tajik (Ap) tale til bursdagsbarnet.

– I kveld skal me hylla den mannen som forma det nynorske skriftspråket. Med granskande blikk og systematisk flid meisla han språket ut. Ivar Aasen la grunnlaget for dette språklege og kulturelle mangfaldet, for denne nasjonalformuen som er rikare enn oljefondet, sa kulturministeren og hausta rik applaus frå radene i det fullsette uteamfiet på Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Ordtak til trøyst
Tajik peika i talen spesielt på tre tiltak ein må gjere for å halde liv i nynorsken: å satse på nynorsk i skulen, ha klare reglar for bruk av nynorsk i forvaltninga og å halde fram med pressestøtta. Og skulle det bli politiske dragkampar, visste kulturministeren kvar ho kunne hente støtte – i visdomsorda til Ivar Aasen.

– Mang ein politikar kan finna trøyst i songtitlar som «Til lags åt alle kan ingen gjera» og «Dei vil alltid klaga og kyta», sa ho til god lått frå publikum.

Hadia Tajik understreka også at nynorsk i høgste grad er eit levande språk, ikkje berre noko som høyrest fint ut i gamle dikt.

– Språket til kvar og ein av oss skal vere godt nok til å bli ytra i det offentlege rom. Til å kome på trykk i aviser. Til å formidle viktig informasjon i nærings- eller organisasjonsliv. Eller til å vere hjartet sitt språk i eit kjærleiksbrev, sa Tajik.

Bunad og Berkeley
Med barnebokforfattar Maria Parr som programleiar, blei publikum losa vidare inn i Aasen sine eigne ord, opplesne av skodespelar Anderz Eide. Stemma til songar Berit Opheim klang så gjennom kveldslufta, trass i at scena stod tom. Etter kvart oppdaga tilhøyrarane at tonane kom frå taket av Ivar Aasentunet, der Opheim stod bunadskledd og song «Sumarkvelden».

Frå bunad og folketonar gjekk vegen vidare til eit blikk på nynorsk sett frå ståstaden til ein amerikansk doktorgradsstudent.

– Å lære norsk er minst ein 2 for 1-deal, sa amerikanske Jenna M. Coughlin då ho fortalde frå nynorskstudia sine ved Berkeley-universitetet. Ho vedgjekk samtidig at amerikanarar ofte viser meir forståing for nynorskinteressa hennar enn kva nordmenn gjer.

Ung, men klok
Bursdagsfesten blei avslutta med at tunkatten Lurivar inntok scena med eit hav av ballongar. Lurivar, spelt av Marit Lid Bjerkvik, etterlyste noko som han meinte alle bursdagsbarn måtte ha, ein eigen bursdagssong. Og for å vere på den sikre sida hadde han dikta ein heilt ny ein til Ivar Aasen.

Festkvelden enda dermed med at Lurivar fekk med seg heile publikum, inkludert kulturministeren, på å syngje «Hei, hurra for Ivar Aasen», før snorene på ballongane blei klipte og dei fauk til vêrs.

Kulturminister Hadia Tajik syntest programmet var ein 200-åring verdig, og fortalde at ho også hadde fått ei aha-oppleving.

– Det gjekk opp for meg først i dag at Ivar Aasen berre var 29 år då han reiste ut for å samle inn ord. Eg var 29 år då eg blei statsråd. Så det var tryggjande for meg at ein kan vere ung og samtidig gjere så kloke ting. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...