Heim Nyhende Vil sikre nynorsken i Grunnlova

Vil sikre nynorsken i Grunnlova

Liv Signe Navarsete (Sp) vil sikre jamstellingsvedtaket ved å gi det grunnlovstatus. 

– Me skriv Språkåret 2013, og det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Språkstriden er ikkje så hard som før, men reaksjonane kjem massivt når nokon går til åtak på ordningar som sikrar det språklege mindretalet i Noreg. Det skjedde då Utdanningsdirektoratet i 2012 gjorde framlegg om ei kraftig svekking av krava til skriftleg opplæring i sidemål, skriv Navarsete i Firda. 

Allereie i 1885 gjorde Stortinget «jamstellingsvedtaket» som sidestilte nynorsk med bokmål.

– Høgre trugar denne jamstellinga med sitt nye program og vilje til å styra saman med Frp. Tida er inne for å sikra den norske språksituasjonen med grunnlovstatus. Dette er normalt i europeisk samanheng ved fleirspråklegheit, skriv Navarsete. 

Navarsete viser til at regjeringa gjorde eit balansert vedtak om ny læreplan i norsk, og sikra både sidemålsundervisninga og gode arbeidsvilkår for lærarane.

– Men i mellomtida hadde Høgre vedteke både å avskaffa obligatorisk sidemålsundervisning og å fjerna retten borgaren har til å få svar frå det offentlege på sitt språk. Den som trudde Høgre var kritisk til byråkaratar og byråkrati, må tru om att.

– Eg meiner sterkt og klårt at me som nasjon tek eit stort tap dersom me går vekk frå at skulen skal gje alle god kompetanse i bruk av båe språka, nynorsk og bokmål. Det er språkmisbruk å omtala obligatorisk opplæring i det mest sentrale av faga, norsk, som «tvang». Det er i alle fall ikkje meir tvang enn at alle har møteplikt når klokka ringjer, at alle et maten sin i storefri og at alle skal læra både lesing, skriving, historie og samfunnsfag. Det er nokre ting alle skal læra for at me kan halda fram å vera eit samfunn, seier Liv Signe Navarsete. 

– Eg kjem ikkje med dette framlegget fordi nynorsken som språk er truga. I mange av dei godt over 100 nynorskkommunane står språket sterkare enn på lenge og har no vorte sjølvsagt også i næringslivet. Men den delen av landet der nynorsk er førstespråk, har vorte meir geografisk konsentrert til vestlandsfylka, og nynorsk er meir under press i bokmålsdelane av landet, og diverre i somme politiske miljø, slår ho fast. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...