Heim Nyhende Hanne Bergheim fekk Øyo-stipendet

Hanne Bergheim fekk Øyo-stipendet

Hanne Bergheim tok imot Øyo-stipendet på 20.000 kroner under avviklinga av musikkfestivalen på Stord laurdag kveld.

– Juryen trekkjer fram Bergheim som ein dyktig låtskrivar og god tekstforfattar, ein god liveartist med ein særprega vokal, og at ho syng på nynorsk, skriv festivalleiar Alf H. Aronsen i ei pressemelding.

Øyo-stipendet blei delt ut av Øyo, Sparebanken Vest og Mediehuset Sunnhordland.

– Stipendet skal gjera det mogleg for unge, uetablerte artistar i Sunnhordland å komma seg ut for å dela musikken sin med eit større publikum. Stipendet skal brukast til turnéverksemd, står det i meldinga, ifølgje avisa Sunnhordland.

I juryen var det representantar frå Øyo, Sparebanken Vest, Mediehuset Sunnhordland og Stord-musikar og forfattar Roald Kaldestad.

I grunngjevinga står det følgjande:
“Det har vore ei todelt oppleving å vera med i juryen for årets Øyo-stipend. For det første har det vore gledeleg å høyra at unge sunnhordlendingar lagar så mykje god musikk. Det skal me vera stolte over. Samstundes har det gjort juryarbeidet vanskeleg – alle kandidatane hadde fortent eit stipend slik at fleire kan få glede av musikken deira.

Me i juryen meiner likevel at ein av kandidatane skil seg ut ved å scora sterkt på alle kriterium. Det er ei glede for oss å kunne overrekkja Øyo-stipendet 2012 til bømlingen Hanne Bergheim.”

I år hadde fem artistar søkt stipendet: Nils Horn, Aina Hatlevik, Stine Larsen, Hanne Bergheim og gruppa Evolver.

Wikipedia skriv følgjande om Hanne Bergheim: Hanne Bergheim (fødd 26. juli 1986) er ein norsk musikar, biletkunstnar og tekstforfattar frå Bømlo, busett i Bergen. I starten av si musikalske karriere var ho mest aktiv innan teater og musikalar, men ho er i størst grad kjent frå duoen List saman med fiolinist og vokalist Ella Helèn Bukkøy.

I 2008 gav List ut EPen «Excuse me while I disappear», i 2009 gav dei ut album og turnerte i Kina. I 2011 kom deira første album i norsk språkdrakt – der står Hanne bak sju av 12 låtar, i tillegg har List tatt i bruk materiale skrive av tekstforfattar Ingvar Hovland og hans kompanjong Asbjørn Stokkeland.

I 2010 blei Hanne Bergheim tildelt den første Kenneth Sivertsen-prisen for unge musikarar.

I 2011 blei ho aktuell med multimediaverket Tilstandar som vart utabeid i Beijing. Utstillinga blei halden i Moster Amfi april-mai 2011.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...