Heim Nyhende Kommunar misbruker kartleggingsprøvar

Kommunar misbruker kartleggingsprøvar

Kartleggingsprøvane i skulen skal ikkje brukast for å rangere skular og kommunar etter kvalitet, men skal vere eit hjelpemiddel for læraren og skulen til å tilpasse opplæringa til den einskilde elev.

Lesesenteret i Stavanger får mange tilbakemeldingar som tyder på at kartleggingsprøvane blir nytta til å rangere skular og kommunar etter kvalitet og at desse prøvane blir gjennomførte på ein måte som mellom anna kan gi kunstig gode resultat.

– Vi får tilbakemeldingar på at lærarar blir sette til å trene opp elevane spesielt mot desse prøvane. Kva får dei då kartlagt? Hensikta med å avdekke eventuelle svakheiter elevane har blir då borte, seier Ragnar Gees Solheim ved Lesesenteret ved Universitet i Stavanger til Forskning.no.

Studium viser at elevar som bare puggar til kartleggingsprøvane får gode resultat, men at kunnskapen ikkje står i høve til prøveresultata ved bruk av andre testar.

– Vi har peika på dette tidlegare også, og får regelmessig meldingar frå lærarar og rektorar om at kommunar har byrja å samle inn resultata for å nytte dei som mål på kvalitet. Det kan verke som om ikkje alle forstår at ein ikkje kan måle kvalitet slik. Viss desse resultata blir nytta for å oppnå eit betre omdøme og få belønning for sitt gode arbeid med skule, er det totalt forkasteleg, seier Gees Solheim.

– Kartleggingsprøvane i lesing er ikkje konstruerte for å gi informasjon ein kan nytte til å vurdere kvaliteten i skulen, og kan derfor ikkje nyttast som eit måleinstrument på kvaliteten i undervisinga, held han fram.

Han oppmodar til at kartleggingsprøvane blir nytta slik at elevar som strever med lesing, får den hjelpa dei treng.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...