Heim Nyhende Har oppdatert det mest omfattande etternamnleksikonet i Norden

Har oppdatert det mest omfattande etternamnleksikonet i Norden

Gir ut etternamnleksikonet på Samlaget.

Norsk etternamnleksikon er no revidert etter 20 års bruk, fagleg oppdatert og utvida. Den nye utgåva inneheld 2000 fleire etternamn enn den første utgåva og innvandrarnamn har kome med.

Vietnamesiske Nguyen er no på 51 plass over dei mest vanlege norske etternamna, og Mohamed på 134 plass. Men øverst på lista tronar framleis Hansen framfor Johansen og Olsen, sjølv om det har blitt registrert noko nedgang i personar som har Hansen som etternamn dei siste 20 åra.

Nedgangen i sen-namna kjem mellom anna av at sen- namna er meir anonyme og har liten identifikasjonseffekt, meiner redaktør for leksikonet Olav Veka.

– Dei er så vanlege at folk vil heller bli knytte til meir spesielle namn, namn som skil seg ut i den store mengda. Etternamn av gardsnamn er meir særprega og seier noko om opphav, slekt, geografisk tilknyting. I Noreg har denne namnetypen meir prestisje og folk kjenner gardsnamn som ein «naturleg» og «norsk» type som særleg seier noko om slekt og kvar garden ligg, fortel Veka.

Kjende namn, historiske namn, uvanlege namn og namn som er språkleg og kulturelt interessante, er omtalte endå om dei har færre enn 25 berarar. Eigne fagfolk har skrive om samiske og finske etternamn. Norsk etternamnleksikon er ei uunnverleg handbok for alle namneinteresserte, og er nyttig for slektsgranskarar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...