Heim Nyhende Heider til matspesialitetar

Heider til matspesialitetar

Nye, spesielle produkt av klippfisk, ost, smør og is kan heretter smykke seg med Spesialitet-merket.

 

Merket blei delt ut til mathandtverkarane Dybvik AS frå Fiskarstrand, Eiker Gårdsysteri ved Hokksund, Avdem Gardsysteri i Lesja og Galåvolden gård ved Røros av representantar frå regjeringa under den store matfestivalen «Matstreif» i Oslo fredag. For å få eit slikt spesialitetsmerke må produkta bli vurderte som ei unik smaksoppleving samanlikna med andre produkt i same kategori.

Fisk for den travle

Klippfiskverksemda Jakob og Johan Dybvik AS blei etablert i 1923. No kan nye produkt i sortimentet deira marknadsføre seg som spesialitet. «Klippfisk Loins Extra» er eit eksklusivt ryggstykke av tradisjonell klippfisk, medan produktet «321Ovn» er tilpassa dagens travle menneske og er eit forsøk på å gjere klippfisk til rask kvardagsmat.

– Klippfisk er ein matskatt som vi må ta godt vare på. Han er elska langt utover norskegrensa, og det er gledeleg at det tradisjonelle produktet også blir tilpassa den travle kvardagen vår, sa nærings- og fiskeriminister Elisabeth Aspaker under den offisielle tildelinga av spesialitetsmerket.

Mjølkeprodukt

– Merking av lokal mat er viktig og det er gledeleg at så mange som tre nye landbruksprodukt også får spesialitetsmerket, sa statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.

Avdem gardsysteri kan heretter setje spesialitetsmerke på smøret sitt som er kinna av upasteurisert rømme.

Ein spesiell ost blir modna i gruvene på Blaafarveværket på Modum i minst eit halvt år. No kan produsenten Eiker Gårdsysteri marknadsføre gruveosten sin som spesialitet.

Galåvolden gård kan setje spesialitetstempelet på fire variantar av heimelaga is med smak av tyttebær, molter, jordbær og krokan.

Lokale oppskrifter

Spesialitet-merket er eit informasjonsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på dei beste lokale råvarene og særeigne lokale oppskrifter. Merket skal bidra til større mangfald og verdiskaping i norsk matproduksjon og produkta blir vurderte av eit uavhengig fagutval med høg matkompetanse. Det er i dag 232 norske mat- og drikkevarer som er tildelt Spesialitet-merket for unik smak.

– Spesialitetsmerket er ikkje til sals, det må du fortene. Omtrent ein tredjedel av dei som har prekvalifisert seg kjem ikkje gjennom det siste, tronge nålauge. Derfor er det ekstra stas at vi kan heidre rekordmange mathandtverkarar under Noregs største festival for norsk mat, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i stiftinga Matmerk.

Smak av Noreg

Festivalen Matstreif feira i år 10 års jubileum og er eit samarbeid mellom Innovasjon Noreg, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Store og små matprodusentar – over tohundre utstillarar frå heile landet – samla seg denne helga i hovudstaden for å selje og servere lokale smakar i alle variantar og vise mangfaldet av norsk matkultur.

Publikum fekk også høve til å kurse seg i og konkurrere om mat i tillegg til å la seg underhalde.

– Matstreif er blitt eit viktig og stort arrangement – eit utstillingsvindauge og eit bevis på at Noreg er blitt eit spennande matland. Nye gründerar kjem stadig til, inspirert av dei som har gått først, sa konstituert administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Finn Kristian Aamodt, under opninga av Matstreif 2014. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...