Heim Nyhende Her aukar talet på nynorskelevar

Her aukar talet på nynorskelevar

Størst auke på Jæren og i Hordaland.

 

Hordaland er det einaste fylket med auke i talet på elevar med nynorsk som hovudmål. Talet på nynorskelelevar aukar her med 309, medan talet på bokmålselevar auka med 206.

Det viser tal som Utdanningsdirektoratet har lagt fram i dag.

For dei andre fylka er det mindre endringar.

LES OGSÅ: Undersøking: Auke i talet på nynorskbrukarar

Aukar på kysten
Totalt sett er det 76389 elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål dette skuleåret. Det er ein auke på 52 elevar frå i fjor, viss ein ser vekk frå fire feilføringar frå i fjor.

Delen av elevar med nynorsk som hovudmål gjekk ned frå 12,39 prosent til 12,25 prosent.

Dei fleste kommunane med auke i nynorskelevar er vekstkommunar langs kysten på Vestlandet.

Os kommune i Hordaland hadde 122 elevar med nynorsk no i haust samanlikna med førre skuleår. Samstundes går talet på elevar med bokmål ned i Os.

Hå kommune på Jæren auka med 97 elevar.

LES OGSÅ: Skule gjer lite for å hindra målbyte

– Oppmodar foreldre til å velja nynorsk
Ordførar i Os kommune, Terje Søviknes (Frp), seier til Framtida.no at kommunen oppmodar foreldre til å velja nynorsk som hovudmål for elevane sine.

– Det gjer me fordi nynorsk er ein del av identiteten vår som nynorskkommune. I tillegg er det ein kostnad med klassedeling som følgje av språk og ikkje storleik på klassane, seier han.

Os kommunen er den av vekstkommunane rundt Bergen med størst del nynorskelevar. Ordførar Søviknes planlegg for dobling av folketalet i framtida. Held veksten i talet på nynorskelevar fram, så blir Os største nynorskkommune om få år.

Sjå tal på elevar med nynorsk som hovudmål i kvar kommune!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...