Heim Nyhende Her er Noregs dyraste kommune

Her er Noregs dyraste kommune

Store skilnader på kor mye den einskilde av oss må betala i avgifter for blant anna vatn og renovasjon.

 

Gjemnes kommune i Møre og Romsdal har dei høgaste kommunale avgiftene i landet. Foto: Halvard Hatlen/Wikipedia/CC-BY-SA-3.0-lisens

– Då me utførde kåringa i fjor var skilnaden mellom den dyraste og billegaste kommunen rundt 15.000 kroner. I år ser me at skilnadene har blitt endå litt større, seier Reid Krohn-Pettersen, sjeføkonom i Norsk Familieøkonomi.

Kåringen er basert på reviderte Kostra-tal som blei publisert av SSB måndag formiddag.

Ikkje alltid best å vere billegast
I undersøkinga er det lagt vekt på kva innbyggjarane må betala for kommunale avgifter som vatn, avløp, renovasjon og feiing. I tillegg har Norsk Familieøkonomi sett på kor mykje ein gjennomsnittleg husstand på 120 kvadratmeter må betala i eigedomsskatt.

– Blant kommunane som har levert inn fullstendige tal kjem Sola kommune i Rogaland ut som den billegaste kommunen i Noreg, medan Gjemnes i Møre og Romsdal er den dyraste. Dette er ein rein reprise på topp- og botnplasseringa frå i fjor, men no har skilnaden mellom dei to kommunane blitt endå ein tusenlapp høgare. Skilnaden er heile 15.925 kroner. Forbrukarane føler seg ofte makteslause når kommunale avgifter og skattar stadig blir auka, men alle har ei viss påverknadskraft gjennom val av politikarar, seier Krohn-Pettersen i ei pressemelding.

Det er viktig å hugsa på at høgare avgifter i nokre tilfelle heng saman med fornyingar i eksempelvis vatn- og avløpsnett, noko som sjølvsagt kjem innbyggjarane til gode. Sist sommar stod sjeføkonomen i Norsk Familieøkonomi sjølv med kjellaren full av vatn på grunn av ein gammal vassleidning i Sola kommune. Kommunen blei som kjent kåra til Noregs billegaste òg i undersøkinga til fjoråret.

– Billegast er ikkje nødvendigvis alltid best, smiler Reid Krohn-Pettersen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...