Heim Nyhende Historisk eksamenspris blir til skrivekonkurranse for ungdom

Historisk eksamenspris blir til skrivekonkurranse for ungdom

Fridthiov Oos’ pris har blitt delt ut i over 100 år, og går normalt til dei beste eksamenssvara i nynorsk. Men på grunn av koronaen blir prisen no erstatta av ein nasjonal skrivekonkurranse.

Elevar under 20 år over heile landet er no inviterte til å skriva om språk i den nye skrivekonkurransen i regi av Framtida.no, Magasinett og Fridthiov Oos’ legat.

Edmund Austigard er forlagsdirektør ved Det Norske Samlaget. Foto: Samlaget
Edmund Austigard er forlagsdirektør ved Det Norske Samlaget. Foto: Samlaget

– På grunn av koronaen blei det ingen norskeksamen i fjor vår på vidaregåande. Og derfor ingen eksamenssvar å juryera. No inviterer me til skrivekonkurranse og premierer dei tre beste svara i anda til Fridthiov Oos’ legat, seier direktør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard.

Fridthiov Oos’ legat er forvalta av Samlaget.

Prominente prisvinnarar

Mellom tidlegare vinnarar av Fridthiov Oos’ pris er tidlegare NRK-sjef Einar Førde, nobelprisvinnar og superforskar Edvard Moser og Ottar Grepstad. Mellom prisvinnarane er det også fleire forfattarar.

– Som forlag leitar me alltid etter unge som har lyst til å skriva. Heng deg med, så kan det henda at du også endar opp med å skriva bok på Samlaget. Og har du ikkje lyst til å vera med, men likevel ambisjonar om å skriva, så ver ikkje redd for å kontakta Samlaget. Det kan vera langt fram og mange år til eit ferdig manus, men ein stad må ein starta, seier Austigard.

SJÅ DEI BESTE EKSAMENSSVARA FRÅ DEI SISTE ÅRA HER!

Ønskjer debatt om språk

Dei tre vinnarane av skrivekonkurransen får 5000 kroner kvar i premie. Elevane får tre oppgåver å velja mellom.

Her kan deltakarane velja mellom å skriva om kva nynorskroboten kan ha å seia for framtida til nynorsken, kva som må gjerast for å ta vare på dei språklege rettane til mindretalet eller skriva om endringar i dialektmangfaldet.

– Framtida.no ønskjer å vera ein viktig debattarena for unge, og eg håpar mange unge blir med på skrivekonkurransen vår, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. I fjor sette nyhende- og debattavisa for unge rekord i talet på bidrag i skrivekonkurransar og publiserte også rekordmange debattinnlegg.

Sjå oppgåvene i skrivekonkurransen her!

NYNORSK INSPIRASJON

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

Tips til digital litteraturformidling på nynorsk

Kreativiteten i den digitale litteraturformidlinga blømer i desse koronatider! Utlånet av digitale bøker har auka dramatisk etter at biblioteka stengde. Her har me samla fleire tips...
Foto: Colourbox

Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen. Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det...

MEST LESE

Stortinget vedtok Språklova

Torsdag 25. mars vedtok Stortinget ei ny språklov for Noreg. Sjølv om Noregs Mållag har nokre punkt dei gjerne skulle sett var...

Ruset held fram som leiar i Kringkastingsringen

Inger Johanne Ruset (35) frå Valldal i Møre og Romsdal har teke attval som leiar i Kringkastingsringen. Sjølv om det første året...

Regjeringa viser vilje til meir nynorsk for barn

Nynorsk kultursentrum er glade for at Abid Q. Raja har lagt fram ei barne- og ungdomskulturmelding som peikar på eigne tiltak for...
Sentralkomiteen til Falturiltu: Hege Myklebust, Roald Kaldestad, Anna R. Folkestad, Jane Jünger og Trond Leirvik Onarheim. Foto: privat

Rekordstor tildeling til Falturiltu frå Kulturrådet

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu har nett fått tildelt 250.000 kroner frå Norsk kulturråd. Programrådet for Falturiltu skriv...