Heim Nyhende – Historisk godt nynorskvedtak i LO

– Historisk godt nynorskvedtak i LO

LO-kongressen har gått samrøystes inn for å arbeide for jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

LO avslutta kongressen sin i går med å mellom anna vedta nytt handlingsprogram. Ordlyden for vedtaket er slik: 

«LO vil arbeide for gode vilkår for samisk kunst og kultur, og for at Norge framstår som en flerkulturell nasjon med et mangfold av kulturelle uttrykk. LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette innebærer at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir gitt god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.»

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, seier dei er veldig glade for at ein stor og viktig samfunnsaktør som LO tar eit så klart standpunkt for nynorsk, og ynskjer å vere med i arbeidet for god opplæring i begge dei norske språka i skulen.

– LO syner med dette vedtaket at dei ser samanhengen mellom norskopplæringa i skulen og eit levande nynorsk i arbeidslivet. Skal nynorskbrukarane kunne bruke språket sitt, må også kollegaene kunne nynorsk. Det får ein berre til gjennom ei obligatorisk skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål. Med dette vedtaket syner LO også at dei stør dei språklege rettane til norske arbeidstakarar. Det er me særs glade for, seier Marit Aakre Tennø.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...