Heim Nyhende Øvst på nynorskstatistikken

Øvst på nynorskstatistikken

Kommunal- og regionaldepartementet er flinkast i klassa på nynorsk, i alle fall når ein måler bruken av nynorsk i departementa.

Lova krev at minst 25 prosent av alle offentlege dokument skal kome på nynorsk, og KRD er einaste departement som oppfyller krava i alle tre kategoriane av offentlege dokument som blir målt: ”proposisjonar og meldingar til Stortinget”, ”andre dokument av mindre omfang” og ”andre dokument av større omfang”.

Fiskeri- og kystdepartementet tronar øvst på statistikken viss ein måler gjennomsnittet av desse tre kategoriane, med eit vekta gjennomsnitt på 42,8 prosent nynorsk. Kommunal- og regionaldepartementet har eit vekta gjennomsnitt på 41,2 prosent. Fem andre departement har eit snitt på over 30 prosent, medan ti departement ligg under minstegrensa på 25 prosent. Helse- og omsorgsdepartementet kjem dårlegast ut med berre 7 prosent nynorsk. Tverrsnittet for alle departementa ligg på 22,8, altså under det lova krev.

– Eg vil sende ei oppmoding til statsrådane i departementa som ligg under minstegrensa på 25 prosent om å ta tak i dette og sikre at fleire dokument vert lagt fram på nynorsk. Eit levande nynorsk språk må brukast i det daglege, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Heile rapporten kan du lese her.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...