Heim Nyhende Høgskulealliansen fekk nei

Høgskulealliansen fekk nei

Kunnskapsdepartementet har sagt nei til forslaget om eit alliansesamarbeid mellom høgskulane i Volda, Molde og på Lillehammer. Ministeren vil ha eit vestlandssamarbeid.

 

I eit brev til dei tre høgskulane ventar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) no at dei tre tar nye initiativ og finn andre måtar å løyse utfordringane på. Ei eller anna form for fusjon er med andre ord neppe til å komme utanom.

– Eg kan ikkje sjå at ein formalisert alliansemodell for desse institusjonane kan vere tilstrekkeleg til å løyse dei utfordringane som det er vist til i strukturmeldinga, og til å møte nye rammevilkår som følgje av dei strukturendringane som no blir gjennomførte elles i sektoren, skriv Røe Isaksen.

Overraskande

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er overraska over avslaget.

– Vi må no drøfte situasjonen grundig i leiinga og i høgskulestyret, både for å vurdere brevet og det vidare arbeidet i strukturprosessen, seier Roppen i ei pressemelding.

– Eg er sikker på at vi vil finne gode løysingar for Høgskulen i Volda i det nye høgskulelandskapet, seier han.

Tilrår vestlandssamarbeid

Eit viktig ankepunkt i brevet frå kunnskapsministeren er at lærarutdanninga i Volda ikkje kan oppnå den kvalitetshevinga departementet meiner er nødvendig, gjennom alliansemodellen. Røe Isaksen tilrår eit «forpliktende samarbeid mellom institusjonane på Vestlandet» om lærarutdanningane, slik at studentane i regionen «kan få et bredt tilbud av masterfag».

Dermed kan Høgskulen i Volda bli pressa inn i fusjonsprosessen mellom Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, som no kan gå mot ei realisering. Dette alternativet har voldingane til no ikkje vore særleg begeistra for.

Høgskulen i Volda har òg samtalar med Universitetet i Bergen om eit tettare fagleg samarbeid, men utan at fusjon er eit aktuelt tema, i alle fall i overskodeleg framtid. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...