Heim Nyhende Høgskulen på Vestlandet får 11 millionar til samanslåing

Høgskulen på Vestlandet får 11 millionar til samanslåing

– 11 millionar er greitt, men vi hadde kanskje forventa eit litt høgare nivå, seier rektor ved HiB.

Fredag avgjorde Kongen i statsråd at høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund vert Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Vedtaket var venta etter at alle dei tre høgskulane førre veke gjorde positive vedtak i fusjonssaka, skriv På Høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen.

Rektor ved Høgskulen i Bergen Ole-Gunnar Søgnen er fornøgd med tildelinga frå Kunnskapsdepartementet, men meiner at behovet eigentleg er mykje større.

– 11 millionar er greitt, men vi hadde kanskje forventa eit litt høgare nivå. Men det er på linje med det dei som fusjonerte i fjor fekk, seier Søgnen til nettavisa.

Glad for nynorskprofil
Sjølv om høgskulane no blir slått saman, skal det framleis vere fem studiestader, Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.

– Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet. Eg er også glad for at Høgskulen på Vestlandet frå starten viser eigenart ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding om løyvinga.

Han peikar samtidig på ar han har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem. (©NPK)

Les meir:

Vegen mot fusjonen har vore lang. Men det er no det startar.

Studentane på Høgskulen i Sogn og Fjordane var lenge motstandarar av fusjonen. No må dei snu.

Vestlandshøgskulen blir nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...