Heim Nyhende Inger Bråtveit med barnebok

Inger Bråtveit med barnebok

No kjem Inger Bråtveit med si fyrste barnebok.

I byrjinga av oktober kjem Bråtveit med barneboka Kven er snillast av far og mor? på Flamme forlag, noko som blir forlaget si fyrste barnebok . Her møter me Knut som er på sjukehuset, men som aller mest tenkjer på far og mor, kven er eigentleg snillast av far og mor? 

– Eg har alltid hatt ein draum om å skriva ei barnebok, men har hatt noko som kanskje har likna på ei frykt for sjangeren, i alle fall ei ærefrykt. Etterkvart har frykta måtte vika for bodskapen eg ikkje lenger kunne og ville brenna inne med, seier Bråtveit som  tidlegare har gitt ut to romanar og ei diktsamling for vaksne. Ho har også tidlegare fått Nynorsk litteraturpris og Kritikerprisen. 

Historia om Knut triggar lesaren til å stille same spørsmålet: kven er snillast av far og mor?

– Spørsmålet er både umogleg og utidig, men når me fyrst har stilt oss dette spørsmålet, høgt, eller inni oss, opnar spørsmålet opp for eit ras av andre spørsmål. Og kanskje eit ras av røynd også, undrar Inger Bråtveit. 

Boka er meint for born frå fem år og oppover, men forfattaren meiner den også passar for vaksne som ennå minnest korleis det er å vere barn, og vaksne som har barn eller har barn rundt seg. 

– Korleis er det å skrive for born kontra vaksne?

– Eg kjenner at eg må vera meir direkte og konkret når eg skriv for barn. At historia må vera tydeleg, men med både ein tydeleg og tvitydig bodskap. Eg har brukt mykje tid på å byggje opp eit litterært, skranglete univers, der kriteria for logikk, fornuft og form bryt med mange av kriteria som elles finst i den litterære verda, seier Bråtveit som likevel legg vekt på at det kanskje ikkje er så veldig annleis å skrive for barn, kontra vaksne. 

– Det viktigaste er uansett å ta lesaren og det litterære universet, anten ho er barn eller vaksen, på alvor, slår ho fast. 

– Korleis er borna som lesarar trur du?

– Kritiske, og vil ha konkrete svar på spørsmålet som boka stiller: Kven ER snillast av mor og far då? Då kan det vere godt å ha mor og far i nærleiken, som kanskje kan snakka saman med barnet og opna opp for ein vidare horisont.
Men då må den eine klappa att DSen og den andre setje Pcen i kvilemodus.

Inger Bråtveit legg ikkje skjul på at ho også arbeider med andre prosjekt.

– Det gjer eg, og har stor tru på eit litterært vekselbruk innanfor ulike sjangrar.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...