Heim Nyhende Medieoppslag gav nynorske bøker

Medieoppslag gav nynorske bøker

Fem veker etter skulestart har Ingvild Elisabeth Fagereng på Moheia videregående skole endeleg fått nynorskbøkene sine, skriv Framtida.no

 

 

Fagereng har nynorsk som hovudmål og sa tidleg frå at ho ynskte skulebøkene på nynorsk. Men ingenting skjedde, ikkje før i går tysdag då saka var oppe i Rana Blad og NRK Nordland fekk ho bøkene sine. 

Les også: Ventar framleis på skulebøker

– Det skjedde ingenting med bestilling av bøker før eg hadde hatt kontakt med Noregs Mållag og Norsk Målungdom, og sa at om det ikkje skjer noko med det her så blir det mediesak av det, seier Fagereng til Framtida.no

Ho meiner det både er dumt og irriterande at det tok skulen fire veker før ein bestilte skulebøkene. 

– Og at eg må truga dei med mediesak før dei ein gong bestiller bøkene, slår ho fast. Rektor Kaia Erlandsen ved Polarsirkelen, som Moheia høyrer til, beklager at Ingvild Elisabeth Fagereng ikkje har fått bøkene sine før. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...