Heim Nyhende Innovasjon Noreg-kontor kan forsvinne

Innovasjon Noreg-kontor kan forsvinne

Det kan bli slutt på at Innovasjon Noreg er til stades for det lokale næringslivet i alle fylka.

 

I dag er Innovasjon Noreg til stades i alle fylke gjennom 15 hovudregionkontor og mange distriktskontor. Men no vil Nærings- og fiskeridepartementet at Innovasjon Noreg skal greie ut kva effektivitetsgevinstar ein kan få ved å endre den regionale kontorstrukturen.

Fylkeskommunane likar ikkje dette forslaget.

– Vi er for effektivisering, men vi reagerer på at departementet ber Innovasjon Noreg om å greie ut om kontorstrukturen utan at vi er spurde, seier Terje Stabæk, leiar for eigargruppa til fylkeskommunane til Nationen.

Fylkeskommunane eig 49 prosent av Innovasjon Noreg og løyvde 431 millionar kroner til regionkontora i 2014. Nedlegging av kontor vil gå ut over det lokale næringslivet, meiner fylka.

Divisjonsdirektør Per Niederbach i Innovasjon Noreg bekreftar at ei nedlegging eller samanslåing av kontor kan føre til at kunnskap om og kontakt med det lokale næringslivet går tapt.

– Vi må finne ut korleis vi skal kunne halde ved lag kunnskapen i ei framtidig organisering, seier han til avisa.

Statsbudsjettet som regjeringa legg fram til hausten vil vere avgjerande for om Innovasjon Noreg held på dagens kontorstruktur.

I ein e-post til Nationen skriv statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Dilek Ayhan (H) at gjennomgangen av Innovasjon Noreg er ein del av forenklings- og effektiviseringsarbeidet til regjeringa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...