Reduksjon av saksbehandlingstida frå 60 til 4 dagar er eitt av sju løfte Innovasjon Noreg gir kundane sine for 2015.
I samband med at direktør Anita Krohn Traaseth heldt Innovasjonstalen 2015 torsdag, presenterte viseadministrerande direktør Toril Bariusdotter Ressem sju konkrete kundeløfte for året.
Løftet om redusert saksbehandlingstid er basert på tilbakemeldingar frå gründerane sjølve, og vekte spontan applaus då det blei presentert.
– Saksbehandlingstida er altfor lang, og tillegg er det stor variasjon, frå éin til 60 dagar avhengig av kven som behandler søkanden. Gründarane har sagt – mitt viktigaste konkurransefortrinn for å kome på bana som gründer er tempo og fleksibilitet, så speed opp søknadsprosessen – please, fortalde Bariusdotter Ressem.
«Mi side» for gründerar
Ei eiga «Mi side» for gründerar er det andre løftet Innovasjon Noreg gir kundane sine. Bariusdotter Ressem viste til at gründerane har ønskt seg løysingar som er tilgjengelege 24/7.
– På enkelt vis skal «Mi side» rettleie gründerane gjennom ein interaktiv, intuitiv elektronisk søkjeprosess der gründeren blir guida gjennom prosessen. Målet er riktig søknad på første forsøk, sa ho.
Auka rammer
Vidare lova Innovasjon Noreg meir kapital til gründerar, meir eksportrådgjeving og EU-finansiering for gründerar og vekstbedrifter med globale ambisjonar, meir kapital til bygging og testing av grøne, teknologibaserte pilotanlegg, og meir såkornkapital i to nye fond.
Det sjette punktet på løftelista til Innovasjon Noreg er å levere 20 millionar i auka finansiering for utvikling og forsking i landbruket.
– Lokal mat og unike reiselivsopplevingar er i vinden som aldri før. Sterkt marknadsdriven etterspørsel har gitt mange bønder både mot og lyst til å satse der dei ser nye inntektsmoglegheiter. Eit aukande tal bedrifter innan landbruket har lukkast. Det har fått stor merksemd i marknaden, og er svært gode forbilde for mange som har hatt lyst, men kanskje ikkje heilt mot nok.
– Gjennom auka rammer på tjue millionar for utvikling og forsking innanfor landbruk ser vi eit viktig bidrag i vidare utvikling av det bioøkonomiske fotavtrykket. Vi vil bakke opp dei som no har lyst og mot til å ta spranget i eit nytt paradigme, sa Bariusdotter Ressem.
Leverte rapport
Torsdag blei også Drømmeløftrapporten overrekt næringsminister Monica Mæland (H) og fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).
Rapporten inneheld innspel frå næringsliv, gründerar, forskings- og utdanningsmiljø som Innovasjon Noreg sidan nyttår har samla gjennom over 80 arrangement i inn- og utland. Hensikta har vore å diskutere det Innovasjon Noreg omtalar som eit nødvendig «drøymeløft» for norsk innovasjon og omstilling. (©NPK)