Heim Nyhende Inspirert av digitale Estland

Inspirert av digitale Estland

Estland ligg langt framme på digitalisering av offentlege tenester. – Dei arbeider systematisk med digitale tenester og er samstundes opptekne av personvern, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

 

Måndag besøkte han hovudstaden Tallinn i Estland og målet for turen var å lære meir om Estland sitt arbeid med digitalisering av samfunnet.

Etter at landet blei sjølvstendig i 1991, tok estarane tidleg ei avgjersle om å vere eit digitalt føregangssamfunn. Dei bygde offentlege system nærast frå grunnen av. Dermed kunne dei bygge system både i det offentlege og private som la til rette for digitale løysingar. Elektroniske id-kort og mobil-id er grunnlag for dei digitale tenestene.

– Medan Estland fekk ein ”restart”, er utfordringa i Noreg at vi stor grad har gamle system som vi må få til å snakke saman digitalt , seier Sanner.

Han var spesielt oppteken av spørsmål rundt personvern og digital kompetanse under besøket. Alle politibilar i Estland har dataløysingar der dei enkelt kan søkje opp bilar eller personar. Dette fekk statsråden demonstrert i ein politibil i Tallinn.

– Alle slike søk blir registrerte, og alle innbyggjarar får informasjon om slike søk. Lurar dei på kvifor politiet har søkt dei opp, kan dei sende ein epost til politiet og få svar i løpet av tre til fem dagar. Prinsippet er at alle eig informasjonen om seg sjølv, seier statsråden.

Sanner var også i samtale med presidenten i Estland, Toomas Hendrik Ilves. Iilves er sjølv ein ivrig pådrivar i arbeidet med digitalisering i landet.

Statsråden besøkte to skular på reisa si. Han møtte ivrige skuleelevar ved Gustav Adfoi Gümnaasium og såg korleis e-læring fungerte hos dei. På Tallinna reaalkool, ein skule som satsar spesielt på realfag, møtte han elevar som konkurrerer internasjonalt med eigenprogrammerte robotar.

E-læring: Estiske fjerdeklassingar fortel statsråd Jan Tore Sanner om sin digitale kvardag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...