Heim Nyhende Jølstring ny leiar i Norsk Målungdom

Jølstring ny leiar i Norsk Målungdom

– No skal vi få meir nynorsk der folk les mest – i nettavisene! Det er hovudbodskapen til nyvald leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

Janne Nygård er 20 år, kjem frå Jølster i Sogn og Fjordane og vart i helga vald til leiar i Norsk Målungdom på det 49. landsmøtet til organisasjonen. Bror-Magnus Sviland Strand (20) frå Sandnes vart vald til nestleiar. Tone Rossow (21) frå Asker i Akershus er vald til dagleg leiar.

– Den største utfordinga vert å opne for nynorsk i rikspressa. Det er viktig at ungdom møter nynorsk andre stader enn på skulen, og vi les nyheiter på nettet og ikkje på papir. Norsk Målungdom skal gjennomføre ein kampanje for å opne for nynorsk i dei største nettavisene. Eg vil lese oppdateringane frå fotball-VM og Melodi Grand Prix på nynorsk, seier Nygård.

Dei siste tre åra har Norsk Målungdom hatt leiarar frå Oslo, og ein stor del av medlemsmassen til organisasjonen kjem frå bokmålsområde. No vil den nyvalde leiaren ha med seg fleire frå nynorskområda.

– Eg er stolt over å kunne representere nynorskbrukande ungdom, og håpar at fleire frå dei nynorske kjerneområda vil engasjere seg i organisasjonen. Dei som er vande med å sjå nynorsk rundt seg er mindre engasjerte enn folk som har bytt til nynorsk, eller flytta vekk frå nynorskområde. Det vert lettare for alle å bruke nynorsk om fleire engasjerer seg for språket, seier Nygård. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...