Heim Nyhende Veit for lite om datalagring

Veit for lite om datalagring

Datalagringsdirektivet vil få konsekvensar for alle som tilbyr  breibandstenester, som til dømes kommunale kraftselskap. Men kunnskapen om direktivet er for dårleg, meiner NITO – Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon.

Blir datalagringsdirektivet innført vil alle offentlege kommunikasjonstilbydarar  bli pålagde å lagre data knytte til bruk av telefon og internett. All data skal lagrast mellom 6 og 24 månader, og berre politiet med løyve frå dommar kan få tilgang til dei.

Denne lagringa vil gjelde netteleverandørar, som til dømes kommunale kraftselskap som tilbyr breiband til sine kundar, forklarar Trond Smaavik, styremedlem i NITO.

For nettilbydarane vil dette og handle om å ha den rette kompetansen på plass når data skal lagrast og handterast. Korleis kostnadane ved eventuelt innkjøp av lagringsutstyr skal fordelast er heller ikkje avklart.

NITO hadde nyleg ei undersøking mellom sine medlemer kor 63,9 prosent av dei spurte ikkje har noka meining om saka eller ikkje kjenner til datalagringsdirektivet.

Trond Smaavik trur at mange føler seg distanserte frå teknologien og difor ikkje har ei meining om dette.

– Mange reflekterer nok ikkje så mykje over kva som skjer i bakgrunnen medan vi snakkar i telefonen eller jobbar på internett.  Når det gjeld datalagringsdirektivet, så forventer kanskje folk at dette er noko politikarane tek hand om.

Sjølv meiner han konsekvensane med å lagre slike data over tid er mange og bør utgreiast betre før ein går til det skritte å byrje ei systematisk lagring.

– Det viktigaste i ein slik samanheng er å sikre at ein har mekanismar som hindrar planting og lekkasje av informasjon. Det er ein enkel sak å forfalske datatrafikk som så blir lagra.

Smaavik meiner vidare at behovet for datalagring ikkje er godt nok dokumentert.

Datalagringsdirektivet er no ute på høyring til 12. april 2010.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...