Heim Nyhende Jondal går inn i storkommune

Jondal går inn i storkommune

Med knapt fleirtal vedtok kommunestyret i Jondal i Hordaland at kommunen skal slå seg saman med Ullensvang og Odda.

Ni representantar frå Ap, KrF og Høgre stemte for, medan åtte representantar frå Senterpartiet stemte mot, melder Bergens Tidende.

Kommunereforma skapte drama i kommunen ved Hardangerfjorden med omtrent 1.100 innbyggjarar. Då vedtaket skulle fattast i juni, sat éin kommunepolitikar fast i Nordsjøen, og vararepresentanten braut med partiet sitt. Kommunestyret stemte då overraskande imot samanslåing.

Onsdag blei det heldt ekstraordinært kommunestyremøte der saka blei teken opp igjen. Leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad, seier dette er eit fornuftig og framtidsretta vedtak.

– Sidan den nye kommunen blir over 9.000 innbyggjarar, vil den nye kommunen få regionsentertilskot allereie frå 2017. Dette viser at kommunereforma rullar vidare og at det er mogleg å gjere lokale vedtak innan utløpet av fristen 31. desember.

Den nye kommunen skal heite Ullensvang. Dei to andre kommunane har tidlegare vedteke samanslåing. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...