Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det berre å seie: Tusen takk!
Festspela opna offisielt med ei feiring av 25-årsjubileet for det nye Aasentunet, som då det opna i 2000 markerte ein ny start for museumsdrifta i Nynorsk kultursentrum. Eit fullsett uteamfi fekk ta del i feiringa saman med Åse Kleveland, festspeldiktar Marit O Kaldhol, musikar Steinar Raknes og dansaren Bao Andre Nguyen. Kvelden vart avslutta med ein storslått konsert med Stein Torleif Bjella med band.
Konstituert arenaleiar i Aasentunet og festspelsjef, Ida Karin Aarflot Kornberg, er godt nøgd med gjennomføringa av festivalen.
– Over 3000 gjestar har besøkt Festspela denne helga. Vi er svært takksame for alle som har teke turen, og ikkje minst for innsatsen frå frivillige, tilsette og samarbeidspartnarar. Dei har verkeleg vist kva godt samspel betyr i praksis, seier ho i ei pressemelding.
Festspela har hatt eit innhaldsrikt program med sterke stemmer og nye perspektiv som har vist korleis litteratur, musikk, kunst og samfunn heng saman på tvers av sjangrar og tema.
– Vi ser at gjestane våre har sett pris på breidda i programmet, og det er kjekt sjå at mange barn har hatt gleda av det utvida Festsprell-programmet i år også, seier Kornberg.
I løpet av fire dagar med høgtlesingar, føredrag og samtalar har publikum fått kjenne på heile kjensleregisteret. Vêret skapte fantastiske rammer gjennom heile festivalen. Laurdag kveld fekk fleire hundre gjestar oppleve Ingebjørg Bratland syngje og spele i varmt og nydeleg sommarvêr i uteamfiet.
– Det har vore inspirerande å ha så mange talentfulle utøvarar som har bidrege gjennom heile festivalen, seier produsent for Festspela Kim Åge Furuhaug.
Festspeldiktar
– Vi er svært stolte av samarbeidet med festspeldiktar Marit O Kaldhol, som foreslo det spennande temaet «Samspel» til årets festival, skyt Kornberg inn.
Mange gjestar har blitt betre kjende med Kaldhol som har framført fleire nyskrivne tekstar, sett tilbake på ein lang og rikhaldig forfattarskap og delt av sin kunnskap og sterke engasjement. Under Ivar Aasen-stemnet søndag ettermiddag vart programmet i Aasentunet runda av med heilt ny musikk frå Beate Slettevoll Lech til to nyskrivne salmetekstar av festspeldiktaren.
Festspeldiktaren uttrykkjer også at ho har hatt fine dagar på Festspela. – Det har vore ei glede å få samarbeide – samspele – med så mange dyktige menneske, og få oppleve at kjente og ukjente gir uttrykk for at litteratur og lesing betyr mykje for dei. Det både varmar og oppmuntrar, seier ho.
Markerte tre jubileum
Heile tre jubileum vart markerte under Festspela. Det er i år 25 år sidan Aasentunet nyopna som moderne og profesjonelt museum i museumsbygningen teikna av arkitekt Sverre Fehn. Nynorsk salmebok feirar 100-årsjubileum, og det er 150 år sidan den endelege utgåva av Ivar Aasens Symra vart gjeven ut.
– Opninga av det nye Aasentunet for 25 år sidan la grunnlaget for den kulturinstitusjonen Nynorsk kultursentrum er i dag. Jubileet gjer det naturleg å heidre forgjengarane og rette takksemd til dei som gjorde det mogleg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.
Emil André Erstad sende i talen sin under Ivar Assen-stemnet også honnør til nokre av dei som har gått føre og jobba for at vi fritt kan bruke språket.
– Dei stod for ein ny, banebrytande og inkluderande nasjonalisme. Ein nasjonalisme som bygde bruer, ikkje murar. Slik nynorsken opna opp språket for fleire, og ikkje lukka seg for dei få, sa Erstad.
Festspela 2026
Arbeidet med Festspela 11.–14. juni i 2026 er alt i gong. Då vil festspeldiktaren vere Brynjulf Jung Tjønn. Han er journalist, redaktør og prislønt forfattar og har skrive ei rekke bøker for barn, unge og vaksne.