Heim Nyhende – No er vi klare for Festspela!

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida Karin Aarflot Kornberg.

– Festspela er ei unik moglegheit til å oppleve det beste Aasentunet har å by på, med gratis inngang til museet, eit rikt kulturprogram og ei stemningsfull ramme rundt heile opplevinga.

Festspela feirar det nynorske – språket, kulturen og folka som ber det vidare. Årets program samlar sterke stemmer og nye perspektiv, og viser korleis litteratur, musikk, kunst og samfunn heng saman på tvers av sjangrar og tema.

Tradisjonar, nye perspektiv og ein god dose humor

På Festspela i år får vi mellom anna samtalar om økologi, natur, litteratur og kva rolle klima spelar for menneske si psykiske helse.

– Vi får høyre om verdien litteraturen kan ha som reiskap for å forstå, utforske og arbeide med vanskelege tema, og innsikt i kva som inspirerer til skriving og kreativitet, seier produsent for Festspela og Nynorsk kultursentrum Kim Åge Furuhaug.

Det tradisjonsrike Ivar Aasen-minneføredraget formidlar relevant forsking og aktuelle tema innan nynorsk skriftkultur, språk og litteratur. I år kan du høyre Margun Rauset fortelje om korleis Nynorskordboka har utvikla seg dei siste åra – og korleis definisjonar blir justerte i takt med eit språk i endring.

Lurivar er endeleg tilbake i Aasentunet og inviterer til ei fantasirik eventyrstund. Det blir også familiekonsert og barnebokbad, der publikum får møte forfattar, illustratør og musikar Vegard Markhus.

På Kunsthuset blir det festspelutstilling med biletkunst av festspelkunstnaren Gunilla Holm Platou. Utstillinga opnar torsdag, og er open alle dagar under Festspela.

På Møre folkehøgskule blir det Møre-Nytt på nytt med programleiar Eirik Risholm Velle og gjestar. Konseptet hentar mykje frå «storebroren» på NRK med oppgåver som «Kva skjuler seg bak sladden?», «Kven skal ut?» og «Kva nytt ord skal vi fram til her?». I tillegg byr dei på eigne og heimesnikra innslag.

– Festspela har eit rikt og variert program for både store og små, og takka vere godt samarbeid med andre organisasjonar, kommunane og bibliotek er fleire av tilboda gratis, seier Kim Åge Furuhaug.

Musikk under open himmel

– Alle kan finne noko spennande i årets Festspel-program, og ein treng ikkje vere språknerd eller aktiv i nynorskrørsla for å ha det kjekt på Festspela, seier Ida Karin Aarflot Kornberg.

Konsertane på utescena har i mange år vore eit høgdepunkt under Festspela. Torsdag kveld skapar Stein Torleif Bjella ei stemningsfull og minneverdig oppleving frå scena med jubileumskonserten for Aasentunet.

Laurdag kan både store og små glede seg over familiekonserten Med lasso og hatt, med Inger Bakke, Jorun Marie Kvernberg og Kristina Bjørdal Farstad. Seinare same kveld tek Ingebjørg Bratland publikum med på ei musikalsk reise prega av både ro og kraft. Søndag rundar Beate Slettevoll Lech av konsertserien med ei inderleg og uttrykksfull framføring under Ivar Aasen-stemnet.

– Aasentunet blir ein levande og stemningsfylt samlingsstad desse dagane anten du ønskjer eit djupdykk i ny nynorsk litteratur, musikalske opplevingar, høgtlesingar eller vil samlast med vener rundt eit bord i kafeen og nyte god mat frå festspelmenyen, avsluttar Kornberg.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...