Heim Nyhende Jubileumsforfattar: Kulturrådet for tru mot staten

Jubileumsforfattar: Kulturrådet for tru mot staten

Kulturrådet gir 766 millionar kroner til ulike kulturformål kvart år. Rådet skal vere sjølvstendig, men lar politikarane styre pengesekken, meiner forfattar av jubileumsbok.

 

Verken offentlegheita eller politikarane sjølv veit kva Kulturrådet skal vere, meiner Alfred Fidjestøl, som i førre veke kom med boka «Eit eige rom» om Norsk kulturråds første 50 år.

Kulturrådet er underlagt Kulturdepartementet, og kor sjølvstendig det skal vere og kor stor avstand det skal ha frå Stortinget, har vore diskutert sidan rådet vart oppretta. Fidjestøl meiner at verken offentlegheita eller politikarane sjølv veit kva Kulturrådet skal vere, skriv Aftenposten.

– Det er tydelegvis vanskeleg å forstå denne fordelinga av arbeidsoppgåver heilt til topps i norsk kulturliv, også blant politikarane, seier Fidjestøl til avisa.

Han meiner at leiinga i Kulturrådet må stå opp for å verne om autonomien sin.

– Dei må i større grad konfrontere politikarane når autonomiprinsippet blir tråkka på, dei må seie høgare frå, seier han.

I jubileumsboka skriv Fidjestøl at Norsk kulturråd i dag, under leiing av Yngve Slettholm og Anne Aasheim, er blitt eit lojalt organ i statens teneste, og at dei er altfor lydhøyre overfor føringar frå regjeringa om korleis rådet skal disponere midlane i Kulturfondet.

Vibeke Mohr, fungerande direktør i Kulturrådet, er avvisande til at Kulturrådet er for tru mot staten.

– Fagadministrasjonen vår har Kulturdepartementet som arbeidsgjevar og må alltid lytte til beskjedar derfrå. Men dei som sit i råd og fagutval er framleis fullstendig autonome, seier ho til Aftenposten. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....