Heim Nyhende – Kulturrådet bør ut av Oslo

– Kulturrådet bør ut av Oslo

Den beste måten å sikre at Kulturrådet fungerer sjølvstendig utan innblanding frå politisk hald på, er å flytte det ut av Oslo, meiner kulturforskar Georg Arnestad og BI-forskar Sigrid Røyseng.

 

Dei to meiner òg det kan vere lettare for Kulturrådet å halde Storting og regjering på avstand om oppgåvene blir delte mellom eit direktorat og eit autonomt sekretariat.

– Kulturfondet skal styrast suverent utan innblanding frå Stortinget. Det faglege sjølvstendet til rådet må derfor styrkjast, og den beste måten å gjere det på er å leggje hovudkvarteret ein annan stad enn Oslo. Det kan både gi ein fysisk og mental avstand til Stortinget, seier kulturforskar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til Aftenposten.

Arnestad trur likevel ikkje at framlegget kulturminister Thorhild Widvey (H) kom med i sommar om å regionalisere Kulturrådet, er så bra.

– Å spreie oppgåvene til rådet er dyrare og meir tungvint enn den ordninga vi har i dag. Rådsfunksjonen bør vere samla på éin plass, meiner han.

På oppmoding frå Kulturdepartementet ser Kulturrådet no på kva administrative oppgåver som kan flyttast ut av Oslo. Rådet har sjølv foreslått å flytte fagutvala og det statlege utstillingsstipendet ut av hovudstaden.

– Målet med utflyttinga er å styrkje det faglege ute i distrikta samtidig som kunnskapen vår om kulturlivet der aukar. Så lenge det ikkje gir auka kostnader og fleire byråkratiske oppgåver, er vi positive til dette forslaget, seier fungerande direktør Vibeke Mohr i Kulturrådet til avisa.

Kulturrådet forvaltar Norsk kulturfond og fordeler 766 millionar kroner til kulturlivet kvart år. Kulturrådslova frå 2013 slår fast at rådet skal vere uavhengig. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...