Heim Nyhende Jublar for meir nynorsk i NRK

Jublar for meir nynorsk i NRK

Men berre to kanalar brukte meir enn 25 prosent nynorsk i 2011.

NRK har brukt meir nynorsk i alle kanalar utanom P3. Det syner årsrapporten for 2011 som er tilgjengeleg på nrk.no. Den største framgangen står barnekanalen NRK Super for. Den har auka nynorskbruken frå 9,2 til 18 prosent.

– Dette er svært gledeleg, og Kringkastingsringen vil gjerne gratulera NRK Super med ein fantastisk prestasjon. Det er eit godt døme på at redaksjonen har arbeidd målretta for å sikra at nynorsk og dialekt er til stades på heile sendeflata, frå dubba animasjonsfilmar, via programleiarar i Barne-TV til store kvalitetsseriar som Vaffelhjarte, seier styreleiar Martin Toft i Kringkastingsringen.

Statistikken frå Ipsos MMI viser også at folkekanalen P1 og NRK2 har meir enn det pålagde kravet om 25 prosent.

– Dette er flotte tal og viser at det er fullt mogleg å nå målet om 25 prosent nynorsk når det blir arbeidd hardt og strategisk for å få det til, understrekar Toft.

– Sjå til NRK Super

Han meiner det er grunn til å tru at den gode dialogen Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk Målungdom har med NRK-leiinga og med NRK Super har spelt ei rolle for at nynorskbruken aukar i statskanalen.

– For dei delane av NRK som framleis seier at det ikkje nyttar å auka nynorskdelen meir seier me; Sjå på NRK Super. Me gratulerer både NRK og NRK Super med eit glimrande resultat og ser fram til å halda fram med dei gode samtalane med toppleiinga, seier styreleiar Martin Toft i Kringkastingsringen.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i allmennkringkastinga og i media elles.

Les saka på Framtida.no

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...