Heim Nyhende Jublar over nynorskpris

Jublar over nynorskpris

Christian Wiik Gjerde jubla under då han fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013.

 

Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag. I takketalen siterte Wiik Gjerde mor si om at det er lettare å vinne i lotto enn å få nynorskprisen for journalistar.

 

– Dette er ufatteleg stort for meg. Eg føler det litt som eit barn sa til meg ein gong han var så kry over noko han hadde gjort og sa at han var sjalu på seg sjølv. Onkelungane har laga krune til meg i dag for dei trur eg har blitt nynorskprins, sa prisvinnaren då han fekk prisen under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag.

Kommentator Tom Hetland i Stavanger Aftenblad delte ut prisen og sa at Christian Wiik Gjerde har stått for god formidling av dialekt og nynorsk til barn gjennom radioprogrammet Superblokka på NRK P1. Programmet blir sett på som oppfølgeren til den populære Barnetimen, skriv Nynorsk Mediesenter om prisutdelinga. 

Møter barna med respekt
– Christian Wiik Gjerde møter barna med respekt og openheit på ein vennleg måte og byr gjerne på seg sjølv og sine opplevingar. Slikt blir det gode samtalar og god radio av, sa Hetland som også la vekt på at prisvinnaren har brukt god og levande nynorsk på nettsidene til NRK Super.

– Christian Wiik Gjerde har gjort ein prisverdig innsats for at barn i både boksmåls- og nynorskområde tidleg får eit naturleg forhold til det nynorske språket, sa Tom Hetland under prisutdelinga i Ørsta. Juryen hadde fått inn 28 kandidatar til prisen som i år vart delt ut for åttande gong.

Starta karrieren i Førde
Prisvinnaren starta si karrire i NRK som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde.

– Dørene opna seg for meg i Førde. Eg hadde aldri vore der eg er i dag utan grunntreninga i journalistikk frå NRK Nynorsk mediesenter, meiner Christian Wiik Gjerde. Prisvinnaren, som kjem frå Tjørvåg på Sunnmøre, er 32 år og brukar nynorsk og dialekt i alle programma sjølv om dei fleste born som deltek i Superblokka snakkar austlandsdialekt.

Ungar har ikkje språklege fordommar
– Eg snakkar norsk og er meg sjølv. For meg er nynorsk verdas vakraste og rikaste språk. Eg sender ei varm takk til NRK Super som verkeleg satsar på dialekt og nynorsk. Ungar har ikkje språklege fordommar og forstår alt, seier Wiik Gjerde til Nynorsk Mediesenter.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Den stolte vinnaren er sikker på at han kjem til å brenne endå meir for språket sitt etter tildelinga på Ivar Aasen-tunet i Ørsta på fredag.

– Eg heiter Christian Wiik Gjerde. Eg er nynorskprinsen 2013 og skal med handa på hjartet vere ein god ambassadør for nynorsken resten av livet, jubla prisvinnaren frå Tjørvåg på Sunnmøre.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...