Blir kommunane Forsand, Strand og Hjelmeland i Rogaland ein storkommune, kan namnet bli Fjord kommune.
I alle fall går arbeidsutvalet for kommunesamanslåing langt i å gå gode for namnet, skriv Strandbuen.
– Fjord kommune beskriv dei tre kommunane godt. Det er eit positivt lada ord som er attkjennande internasjonalt. Ordet «fjord» er vesentleg i marknadsføringa av Noreg og vår region, meiner Strand-ordførar Helge Steinsvåg.
Han lufta namnet overfor Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) og lokalpolitikarar under eit møte i Stavanger sist veke, fortel avisa. (©NPK)