Ivar Aasen-instituttet i Volda står no i fare for å bli lagt ned.
Dette er ein av dei største institusjonane i landet som forskar på den nynorske skriftkulturen, skriv NRK Møre og Romsdal.
Bakgrunnen skal vere liten tilgang på studentar, slik at ein no vil vurdere både fagleg og økonomisk om ein kan drive vidare. I fjor vart det tatt opp 13 studentar til mastergraden i nynorsk, til samanlikning vart det tatt opp åtte studentar i år.
Styrar ved instituttet, Spephen Walton seier til NRK Møre og Romsdal at han meiner instituttet har blitt nedprioritert. No meiner han kunnskapsminister Tora Aasland bør opne lommeboka.
– Det står veldig mykje fint i språkmeldinga om støttetiltak for å fremje nynorsk språk og kultur, og også om å trygge grunnlaget for organisasjonar som arbeider med nynorsk. Då må departementet følge opp og gripe tak i dette, seier Walton til NRK.