Heim Nyhende Kårar unge nynorsktalent – kven vil me sjå og høyra meir av...

Kårar unge nynorsktalent – kven vil me sjå og høyra meir av i framtida?

Nynorsk kultursentrum, Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no skal kåra dei viktigaste nynorsktalenta du må følgja med på framover. Fram til 20. desember kan du nominera kandidatar.

– Det dukkar stadig opp unge talent, i både dal og by, som brukar språket på ein sterk og innovativ måte. Det vera seg i musikk, idrett, politikk eller litteratur. Vi ønskjer derfor å bruka denne kåringa til å visa at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist, seier Daniel Kvammen. 

Den prisvinnande musikaren frå Geilo leier juryen som skal kåra dei fremste unge nynorsktalenta å følgja med på framover.

– Det er ei kåring som er til for å skapa merksemd rundt Noregs vakraste språk, understrekar han.

– Både skjulte og kjende talent

Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har fått med seg Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no.

Juryen er sett saman av artist og juryleiar Daniel Kvammen, leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold, direktør i Nynorsk Kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark og nyhendeleiar i Framtida.no, Andrea Rygg Nøttveit.

Juryen ser etter nynorske talent innan musikk, litteratur, kultur og scene, forsking og utdanning, sosiale medium, idrett, politikk, næringsliv, og organisasjonsliv. Personane må vera 26 år eller yngre og på ein eller anna måte markera seg med nynorsk i offentlegheita.

– Nynorsk kultursentrum arbeider kvar dag for meir nynorsk til heile landet. Desse unge nynorske talenta gjer det mogleg i dag, og inn i det nye tiåret. Med denne kåringa skal både skjulte og kjende talent bli gjort synlege for fleire, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Lettare å vera ung nynorskbrukar

– Norsk Målungdom samlar ungdommar som brenn for nynorsken, men som for ofte møter motstand mot språket sitt. No håpar eg at denne kåringa kan bidra til at det blir lettare å vera ung nynorskbrukar i framtida, gjennom å visa at dette er eit språk for alle, seier Gunnhild Skjold.

– Framtida.no jobbar kvar dag med å løfta unge nynorske stemmer, og det er mange som fortener heider. No håpar me på flest mogleg nominasjonar, slik at me kan finna fram til dei som gjer ein ekstra språkleg innsats på sine ulike felt, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Kven meiner du fortener tittelen «nynorsktalent»?
Merk e-posten «nynorsktalent» og send inn ditt tips på e-post til
tips @ framtida.no, eller send melding på Instagram til @framtida.no –  innan søndag 20. desember 2020.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...