Heim Nyhende Kildahl ny dagleg leiar ved Hauge-senteret

Kildahl ny dagleg leiar ved Hauge-senteret

Kjersti Kildahl (52) frå Bergen er tilsett som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Ho tek til i stillinga 1. juni.

– Aldri før har ei stillingsutlysing snakka så direkte til meg, seier Kildahl i ei pressemelding i dag. – Med det gode arbeidet som alt er gjort, er det ei ære å få vere med og utvikle denne viktige kulturinstitusjonen vidare.

– Kildahl kjem til Hauge-senteret med robust røynsle som leiar og utoverretta formidlar. Vi gler oss stort over at ho har takka ja, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Seks personar søkte på stillinga.

Bakgrunn frå Voss og Ålvik

Med foreldre frå Voss voks Kjersti Kildahl opp i Ålvik og tok examen artium ved Øystese gymnas i 1980. Utdanna siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule i 1984 gjennomførte ho i 2008 Solstrand-programmet for leiarutvikling.

Kildahl har arbeidd som bedriftsrådgivar, nestleiar i økonomitenesteavdelinga ved Skattefuten i Hordaland og konsulent i Deloitte & Touche i Bergen. Frå 2001 til 2011 var ho kommunikasjonssjef i Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (BIR). Ho kjem no frå stillinga som kommunikasjonsansvarleg i Avfall Norge. Kildahl er styremedlem i Nattjazz Bergen frå 2010 og i Bergen Dansekompani frå 2011.

Snart stilling nr. 3

Frå før arbeider Eirik Bergesen Dalen som dokumentasjonsansvarleg ved Hauge-senteret. Stilling nr. 3 blir lyst ut med det første. – Vi treng ein administrasjonssekretær, og den medarbeidaren skal Kildahl vere med og tilsetje, seier Grepstad. Mari Olafson Lundemo har siste arbeidsdagen som dagleg leiar 30. mars, og fram til Kildahl er på plass, fungerer Grepstad i stillinga.

Olav H. Hauge-senteret har eit driftsbudsjett for 2012 er på 3,1 millionar kroner utanom funksjonar som blir dekte av fellesfunksjonen i Nynorsk kultursentrum.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...