Heim Nyhende Framleis plass på Diktarvegkonferansen

Framleis plass på Diktarvegkonferansen

Det er framleis høve til å melde seg på Fjordvegen Diktarvegen sin Diktarvegkonferanse på Hotel Ullensvang i Lofthus i Hardanger 20. – 22. mars.

Våren 2011 vart prosjektet Diktarvegen og selskapet I/S Fjordvegen einige om å slå seg saman i eit nytt aksjeselskap. Selskapet arbeider for å gjera Rute 13 (Rv 13) kjend, betra vegstandarden, og samstundes skaffa trafikk og besøkande til kulturarrangement og kulturorganisasjonar/selskap langs vegen.

Samarbeid

Diktarvegkonferansen 2012 har som tema å peika på strategiar for korleis det nye selskapet skal arbeida og samstundes bidra til å ”selja inn” ideen og det nye selskapet til aktuelle samarbeidspartar. Konferansen vil handla om korleis vi gjennom eit samarbeid mellom kultur, næring, kommunikasjon og offentleg forvaltning kan skapa eit nettverk som kan løfta fram Rv 13, identiteten til vegen, kulturen og opplevingane langs vegen, slik at kvalitetane og moglegheitene den byr på blir allmenn kjende.

Vestlandsrevyen

Både statsråd, politikarar, kunstnarar, forfattarar og fleire andre kjem til konferansen. Det heile startar med ein innhaldsrik kulturkveld på hotellet tysdag kveld, med utdrag frå Vestlandsrevyen II og konsert med Sigrid Moldestad, og vert avslutta torsdag ved lunsjtider med den kjende svenske kulturentreprenøren Putte Svensson Sahlin.

Innimellom dette handlar konferansen om å sjå Fjordvegen Diktarvegen frå ulike vinklingar og kvifor denne måten å tenkja på er ein vinn – vinn situasjon for alle.

Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...