Heim Nyhende Kjærleik, dugnad og musikk

Kjærleik, dugnad og musikk

Dette er typiske festivalingrediensar rundt om i LNK-regionen i sommar.

 

Kjærleiksdikt i hopetal, utstilling av gamle brurebilete og ein blogg kor publikum sjølve kan bidra med kjærleikshistorier. Dei nynorske festspela har vald seg «Kjærleik» som tema i år, og det skal synast godt att for folk som tek seg til Ørsta og Volda dei fire dagane festspela varar.

Vakraste ordet

– Kjærleik er eitt av dei eldste og største temaa i litteratur og musikk, og vart ein gong kåra til det vakraste norske ordet av VG-lesarane. Alt dette gir eit godt grunnlag for eit mangfaldig festspelprogram, seier programansvarleg Åshild Widerøe ved Aasen-tunet.

Festspela kan by på ikkje mindre enn 15 skjønnlitterære forfattarar, deriblant Lars Mæhle, Olaug Nilssen, Ragnar Hovland og ikkje minst festspeldiktar Bjørn Sortland. Også på musikksida skal publikum få sitt. Felespelar Sigrid Moldestad, folkemusikar Gunhild Sundli og søsken-trioen Kari, Lars og Ola Bremnes skal stå for noko av det musikalske programmet.

Nynorskpris

Prisutdeling blir det også. NRK Nynorsk mediesenter deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, og Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2011 til bloggaren Linda Sæbø.

Dette er 20. gong Dei nynorske festspela blir arrangerte, og dette skjer mellom 23. og 26. juni.

Pause for pynting

Vinjerock ville normalt trødd til med ein festival i juli, men i år skal festivalen ta seg ein pause for å ruste opp festivalområdet sitt, fortel produsent Boye Skøre.

– Vi har fått midlar til opprusting som må brukast i år, seier Skøre.

– Og vi ligg slik plassert, 1000 meter over havet, at vi ikkje både kan drive dugnad og arrangere festival på éin sommar. Terrenget vil ikkje gro skikkeleg til før festivalen.

No håper Skøre og festivalleiinga at folk skal vere like viljuge til å jobbe dugnad som dei har bruka å vere under festivalen.

– Eg vil seie at 99,9 prosent av arbeidet med ein festival blir gjort på dugnad. Vanlegvis får ein festivalbillettar som godtgjersle for innsatsen, men i år må vi altså tenkje annleis. Planen no blir å arrangere ein eigen dugnadsfestival, Krafsefestivalen, som blir ei blanding av arbeid, sosialt og moro, lokkar han.

Eige fond

Vinjerock, som har tatt namnet sitt etter diktaren Aasmund Olavsson Vinje, vart arrangert første gong i 2006 og finn stad på Eidsbugarden i Jotunheimen i Valdres. Festivalen har eit overskotsfond, Vinjerockfondet, som støttar friluftsprosjekt for rørslehemma ungdom og unge vaksne.

Jimi Hendrix

Seint på sommaren er det klart for nok ein festival med eit visst nynorskpreg. Målrock blir arrangert på Årdalstangen for 9. året, og i år kan dei lokke med ei heilt spesiell tilskiping som involverer Oslo S med akustisk gitar, Karl Seglem og Sigrid Moldestad og Håkon Høgem, som skal spele Jimi Hendrix på vrengt hardingfele.

– Det har eg tru på, seier festivalsjef Bjørnar Svortevik til LNK-avisa. Dette er eit familievenleg arrangement som Målrock byrja med i fjor, og som ligg på toppen av eit elles spekka program.

– Det er nokre år sidan vi gjekk vekk frå den reint nynorske profilen på festivalen, sjølv om vi framleis profilerer oss på nynorsk, seier Svortevik. – Det var rett og slett fordi vi nesten hadde brukt opp dei banda som var å finne i løpet av dei par-tre første åra. No seier vi at vi vil ha nynorsk, norsk, skandinavisk og eitt band som syng på engelsk. Vi må tenkje slik skal vi greie å skaffe nok artistar som trekkjer mykje folk.

Mest norsk

Dette året er det Waterboys med Mike Scott som er det engelske bidraget, men festivalen kan også lokke med gode namn som Yoga Fire, Honningbarna, D.D.E., Carpe Diem og trioen Henning Kvitnes, Hilde Heltberg og Jonas Fjeld. Lokale band som Beinskjør, Strupetak og Tyl blir òg å høyre.

Det er plass til 2 500 publikummarar på Målrock, og publikum har det vore nok av i dei åra festivalen har halde det gåande, trass i konkurranse frå det stadig aukande omfanget av festivalar.

– Det vi merkar best med at det blir fleire og fleire festivalar, er først og fremst prisen på artistane, seier Svortevik. – Dei vi hadde på Målrock for to år sidan, hadde vi ikkje hatt råd til no, for å seie det slik. Sjølv om alt arbeidet med festivalen blir gjort på dugnad, har festivalen store utgifter knytt til artistane.

Målrock finn stad 19. og 20. august.

 

Har du tips om festivalar og sommarfestar i LNK-kommunane? Send oss ein e-post: bladstova@lnk.no.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...