Heim Nyhende Kjem med bok om E134 Haukelivegen

Kjem med bok om E134 Haukelivegen

Geir Hus med bok om mat, natur og kultur mellom aust og vest.

I desse dagar kjem Geir K. Hus si nye bok om E134 Haukelivegen. Lesarane får vere med på ei reise mellom aust og vest i Norge, der forfattaren ønskjer å inspirere deg til å stoppe undervegs. Tradisjonsrik mat, naturopplevingar og kulturperler blir vist fram gjennom store bilde og ein del tekstar.

Den nye boka fortel også historia om Haukelivegen, som har knytt folk frå Vestlandet og Austlandet saman gjennom alle tider. Den første vegen var ferdig i 1889, medan heilårsvegen blei tatt i bruk for 50 år sidan. I boka er det gamle bilde frå den tida folk brukte hest og kjerre, men også nokre bilde frå anleggstida på 1960-talet. Aller mest handlar boka om det du kan oppleve langs vegen i dag.

– Boka er ein hyllest til dei som har kjempa fram gode vegar gjennom tidene, men mesteparten av boka har eg brukt til å vise fram spennande folk og stader som du bør få med deg når du kjører mellom Drammen og Haugesund/Karmøy i dag, seier Geir K. Hus i ei pressemelding.

Pressemannen, som til vanleg jobbar som marknadssjef i Landslaget for lokalaviser har gjeve boka namnet «E134 Haukelivegen», med undertittelen «Mat, natur og kultur mellom øst og vest». Folk og stader i aust er omtalt på bokmål, men frå Heddal og vestover er språkdrakta nynorsk. Bildetekstane er både på norsk og engelsk. Boka blir gitt ut på eige forlag, og skal vere tilgjengeleg hos dei fleste bokhandlarar og ein del andre møteplassar langs vegen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...