Heim Nyhende Kjempar for å få unge veljarar til urnene

Kjempar for å få unge veljarar til urnene

Valdeltakinga er lågare blant unge veljarar enn for andre. Fleire kampanjar er sett i gang for å bøte på utviklinga.

I 1989 stemte 78,5 prosent av alle røysteføre mellom 18 og 21 år. Fire år seinare var valdeltakinga sokke til 63,5 prosent, og i vala sidan har ho variert frå 54 til 57 prosent. Til samanlikning var valdeltakinga blant dei mellom 70 og 80 år på over 82 prosent i 2009. Kvifor er det sånn?

Ifølgje statsvitar Anders Ravik Jupskås er det to hovudforklaringar: For det første ein manglande følelse av at det å stemme er ei borgarplikt og for det andre utydelege forskjellar mellom partia.

Nordisk trend
I ein artikkel som vart skriven i samband med lokalvalet for to år sidan, viser Jupskås til at lågare valdeltaking blant unge ikkje er eit særnorsk fenomen. Også i Sverige er dette ein trend.

Men alt er ikkje heilsvart. Delen permanente sofaveljarar er ikkje høgare blant unge enn veljarane flest.

– Snarare er det slik at ungdom er blitt meir ustabile – nokre gonger stemmer dei, andre gonger ikkje, skriv han.

Jupskås foreslo at partia burde bruke valkampane til å tydeleggjere dei politiske forskjellane for å vinne unge veljarane.

– Litt idealisme og store idear skaper gjerne litt meir entusiasme, seier han.

Utfordringar
– Mange unge opplever at det ikkje er viktig for dei å stemme, men det er ikkje likegyldig for eit samfunn kven som styrer. Derfor er det viktig at også unge stemmer – fordi det har noko å seie, seier leiar Elisabeth Løland i KrFU til NTB.

– Det er viktig at unge veljarar innser at politikk ikkje berre handler om tekniske modellar for korleis ein best kan drive sjukehus eller finansieringsløysingar for vegutbygging. Politikk handler også om at Noreg skal hjelpe dei som treng det i verda, om bussen skal gå ofte, om vi skal ta ansvar for klimaendringar og kva slags skule vi skal ha, seier Unge Venstres Sveinung Rotevatn.

– Hovudutfordringa er å snakke meir med ungdom om det som vedkjem dei, at det er mogleg å forstå politikk og at det handler om verdiar, seier han.

Fleire kampanjar
Organisasjonar, styresmakter, media og private bedrifter engasjerer seg alle på ulike vis for å få unge til å bruke stemmeretten.

Grunnlovsjubileet har tatt i bruk nettadressa minstemme.no for å engasjere barn og unge i spørsmål om demokrati og deltaking. Under Arendalsuka vart ungdom oppfordra til å stemme av aktivistar betalt av ein storkioskkjede, og måndag vart ein eigen mediedugnad starta for å auke valdeltakinga blant dei under 30 år – på initiativ frå Aftenposten.

– Unge er underrepresenterte på Stortinget i dag. Det vil dei framleis vere etter stortingsvalet. Det gjer at ungdom gir frå seg makt. Det er viktig at unge stemmer så dei får innverknad på samfunnet, seier leiar Stian Seland i Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Fram mot valet køyrer LNU kampanjen Stem 9/9, som har som mål å få unge til å bruke stemmeretten sin.

Eit anna kampanjeeksempel er Rapvalg – ein landsdekkjande musikkonkurranse som har til hensikt å få førstegongsveljarane til urnene.

Artistane som deltar har skrive om alt frå identitet, tilhøyring og mobbing til barnevern, kongehuset, krig og vald. Til no er fleire enn 22.000 stemmer gitt. På vinnaren ventar ein pengepremie på 100.000 kroner. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...