Heim Nyhende Kjerringa mot straumen

Kjerringa mot straumen

Med målsak og utkantstrøk nærast hjartet, kjempar ho ofte mot fleirtalet. Nyvald leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø mistar likevel ikkje motet.

– Det er nynorsk og distriktspolitikk som er viktig for meg. Å kjempe for målsaka og utkanten er på mange måtar ein lik kamp, det er alltid nokon som er større, seier Marit Aakre Tennø.

Førre helg blei ho valt til ny leiar for Noregs Mållag. No er trettiseksåringen med tilhald i Jostedalen klar til å styre skuta for målrørsla.

– Det kjennest flott. Når eg ser tilbake på rekkja av flotte menn og kvinner som har hatt vervet før meg, er det mykje å leve opp til, seier ho.

Marit Aakre Tennøe tek over vervet etter Håvard Øvregård frå Volda. Med det går stafettpinnen vidare frå ein sunnmøring til ein annan.

– Som sunnmøring er eg glad i å jobbe, prate mykje og snakke høgt. Det kan vel vere viktig i eit verv som dette, flirer ho.

Avgjerande eksamen
Marit Aakre Tennø er opphavleg frå Brattvågen i nynorskkommunen Haram på Sunnmøre. Der var det å skrive nynorsk ei sjølvfølgje som ho ikkje tenkte så mykje over.

– Opplevinga av at ein er under press får ein ikkje før ein flyttar ut av kjerneområda, forklarer ho.

Det var ein eksamen i statsvitskap som skulle føre henne inn i målrørsla. Som fersk student i Trondheim oppdaga ho at dei som laga eksamensoppgåva ikkje hadde teke seg bryet med å skrive ein skikkeleg nynorsktekst.

– Over 20 feil på ei lita A4 side viste at dette var verkeleg noko dei dreit i, seier Tennø.

Kjensla av å ikkje bli teken på alvor førte til innmelding i Noregs Mållag. 15 år etter kan ho no kalle seg leiar av organisasjonen, som i dag tel i overkant av 12.000 medlemmer.

Bygdeutviklar
Etter studieåra i Trondheim og ei tid i Oslo, flytta ho til Jostedalen i Sogn og Fjordane.

– Inst inne, seier ho leande. Der har ho budd med mann og barn sidan 2006 og vore prosjektleiar for eit svært vellykka bygdeutviklingsprosjekt som både berga skulen og gav 35 nye sambygdingar.

Av utdanning er ho filmvitar, men det siste året har Tennø hatt eit engasjement som norskfagskonsulent i mållaget. Framover blir ho leiar på fulltid, med kontor i Jostedalen. Nokre turar til Oslo og kontorfellesskapet til resten av Mållaget blir det nok likevel, vedgår ho.

Ny norsktenking
Med bakgrunn som norskfagskonsulent er det ikkje uventa at Marit Aakre Tennø har sterke meiningar om norskfaget.

– Utfordringane til nynorskelevane er annleis enn bokmålselevane. Dei treng ei anna vektlegging på språkopplæring. Viss ikkje held vi fram med å produsere utrygge språkbrukarar, seier ho.

– Ei opplæring i nynorsk som hovudmål må ta omsyn til dei særlege utfordringane til nynorsken som mindre brukt språk, for å hindre språkskifte, forklarer Tennø.

Ein av føresetnadene som må på plass er mindre bokmålseksponering, meiner ho.

– Nynorskelevane har bokmål rundt seg overalt, slik sett treng ikkje dei meir bokmålsundervisning.

Har trua
Sjølv om dødsdommane tidvis haglar over nynorsken frå både politikarar og aviskommentatorar, kjenner ikkje Marit Aakre Tennø seg mismodig over oppgåva ho no går inn i.

– Det er mykje snakk om at nynorsken døyr, men eg er heilt overbevist om at nynorsk finst om 100 år. I kjerneområda har nynorsken dei siste åra styrkt seg, til dømes i næringslivet, fortel ho.

Samtidig ser mållagsleiaren utfordringane. Ei av dei er det store språkskiftet som skjer i utkanten av kjerneområda, som i Valdres. Men ei anekdote ho fekk fortalt frå språkforskar Trond Trosterud ved universitetet i Tromsø, er med på å gire henne opp.

– Sør-samisk er eit trua språk, men viss ein sørsamisk familie får to ungar, så lever språket i 100 år til. Så det er ikkje slik at heile Sogn og Fjordane kjem til å ha slutta med nynorsk om 20 år, seier ho.

På spørsmål om dette er ei indirekte oppmoding til dagens nynorskbrukarar om å starte storproduksjon av nynorskbarn, flirer ho avverjande. Men ein snev av sanning er det likevel i det.

– Grunnen til at nynorskprosenten går ned, er fordi det bur fleire folk i Oslo enn i nynorskområda. Heilt banalt sagt: Vil ein trygge nynorsken må ein drive distriktspolitikk. (NPK)

 

 

Førre artikkelMålpris til Vossa Jazz
Neste artikkelNy medlem i LNK

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...