Heim Nyhende Målpris til Vossa Jazz

Målpris til Vossa Jazz

Vossa Jazz er vinnar av LNK sin pris for offentleg målbruk. – Utruleg kjekt. Nynorsk er viktig for oss og vi er stolte av språket vårt, sa Kari Trana frå Vossa Jazz som tok imot prisen på landstinget til LNK i dag.

 

 

I grunngjevinga for tildelinga seier juryen:

– Hjå Vossa Jazz har det alltid gått på engelsk og nynorsk. I pressemeldingar, programomtalar, kontakt med det offentlege og internt har det alltid gått på nynorsk. I den hippe, urbane kunstforma jazz har Vossa Jazz gjort nynorsken naturleg. Gjennom eit alternativt vokabular og seiemåtar har Vossa Jazz greidd å verbalisera felles opplevingar slik at det kjennest naturleg og rett både for nynorsk- og bokmålsbrukarar. Eit godt døme kan vera at Vossa Jazz sin konsekvente bruk av nynorsk har ført til at mange bokmålsbrukarar i dag nyttar termen tingingsverk.

Vossa Jazz fyller 40 år i år, og juryen meiner festivalen står fram i den internasjonale festivalfloraen med ein sterk og særmerkt identitet. Nynorsken er ein sentral del av denne identiteten.

Trana, som er marknadsansvarleg, og ein av to tilsette i Vossa Jazz, seier dei bruker nynorsk som den største sjølvfølgje.
– Det er ikkje felt ned i vedtektene våre, eller skrive nokon plass eg har greidd å finne, at vi skal bruke nynorsk. For oss er det berre heilt naturleg.

Pris for god offentleg målbruk blir delt ut annakvart år til ei offentleg verksemd som arbeider med å fremje nynorsk eller til enskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i offentleg rom. Det er styret i LNK som er jury, og prisen er på 50 000 kroner og eit trykk av Ludvig Eikaas.

Prisen vart første gong delt ut i 1993, og han har tidlegare gått til Ullensvang herad, Vågå reiselivslag, Fylkesmannen i Rogaland, Odd Nordstoga, Lotteritilsynet, Peer Gynt-spelet, Hordaland Teater og Sogndal fotball.

Førre artikkelBorge ny leiar i LNK
Neste artikkelKjerringa mot straumen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...