Heim Nyhende Klart for Nynorske litteraturdagar

Klart for Nynorske litteraturdagar

Programmet for Nynorske litteraturdagar i Aurland siste helg i oktober er no klart.

Tidlegare språkråddirektør Sylfest Lomheim skal opne festivalen fredag kveld. Lomheim får følgje av poeten Jon Hjørnevik og musikarane Sigrid Moldestad og Liv Meret Kroken som saman utgjer duoen Spindel-duo. Fredag blir det også møte med NRK-journalisten Erling Lægreid som gir ut ny bok i desse dagar.

For barna

Laurdag er den store festivaldagen, og då er det dei unge som skal få sitt. Barn og unge er ei viktig målgruppe for festivalen, seier arrangørane, og denne dagen kan dei få treffe forfattarane Lars Mæhle og Maria Parr. Båe to har hatt stor suksess med film og bøker dei seinare åra. Lars Mæhle er mest kjend for boka Keeperen til Tunisia som seinare har blitt til filmen Keeper´n til Liverpool. Maria Parr har hatt suksess både i Noreg og i utlandet med sine bøker, og boka Vaffelhjarte skal no bli barne-tv.

Etter møtet med forfattarane er det tid for Operabarnetimen, fanfaronenes superoperashow, eit laussleppt operashow for barn.

Åresong og Pop-quiz

Sylfest Lomheim skal engasjere dei vaksne med ein frukostprat på laurdag. Sidan vil det handle om lesebrett og e-bøker, det blir foredrag om Hulda Garborg og publikum kan få innblikk i livet til kvinner under krigen, både dei som deltok i motstandskampen og dei som var ein del av Rinnanbanden. Forfattarane Ragnar Hovland og Lars Ove Seljestad kan du treffe denne laurdagen, og skulle det freiste med litt musikk, vil Gabriel Flilfet og hans orkester framføre Tingingsverket frå festspela i Bergen 2010. Åresong heiter verket, og det er basert på tekstar av Jon Fosse.

Laurdagen avsluttar med ein popquiz kor Ragnar Hovland og Finn Tokvam er vertar.

Musikalsk avslutning

Dei nynorske litteraturdagane avsluttar søndag med eit møte med ein lokal krimforfattar og møte med Egon Askvik & co. i Vangen kyrkje. Heilt til slutt blir det avslutningskonsert med Rita Eriksen med orkester.

Dei nynorske litteraturdagane i Aurland blir i år arrangert for 6. gong. Det er Aurland kommune som står bak Nynorske litteraturdagar og litteraturfestivalen kom til som ei vidareføring av allereie etablerte kulturtiltak i kommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...