Heim Nyhende Nye endringar i Samlaget

Nye endringar i Samlaget

Finn Totland blei i mars konstituert som forlagsredaktør for litteratur i Samlaget. No trekkjer han seg frå stillinga.

 

 

– Det er eit overraskande val, ikkje minst fordi Totland blir rekna som favoritt til den faste stillinga som forlagssjef for litteratur, seier Dag H. Nestegard, redaktør for fagbladet Bok og Samfunn til Klassekampen.

Totland sjølv kallar valet udramatisk og seier han har teke avgjerda sjølv fordi han ønskjer å gå tilbake til jobben sin som forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur.

Anne Liv Tresselt er konstituert som ny forlagssjef for litteratur. Ho kjem frå stillinga som sals- og marknadssjef.

Det har det siste halve året vore fleire utskiftingar i leiinga i Det Norske Samlaget. I februar slutta forlagsdirektør Tove Lie på dagen, og i april gjekk forlagsredaktør for litteratur Margit Walsø til stillinga som ny direktør i Norla – senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet.

I juni blei Edmund Austigard tilsett som ny direktør i forlaget. Han har framleis ikkje teke til i stillinga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...