Heim Nyhende Klepp vurderer medlemsskap i LNK

Klepp vurderer medlemsskap i LNK

Klepp Mållag har oppfordra Klepp kommune til å melda seg inn i LNK. Formannskapet har no sendt saka vidare til kommunestyret.

Framlegget om å melde seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) vart fremja av varaordførarar Torbjørn Hovland (KrF).

– Eg foreslår at me melder oss inn. Nynorsken er under press, samtidig som ein ser meir bruk, blant anna i media. Foreldre skal sjølvsagt ha rett til å velja målform for sine barn, men eg tykkjer at det er urovekkjande at over halvparten av elevane på Orstad skule har bokmål som sitt hovudmål. Nynorsk har med identitet og røter å gjera, og burde stå sterkt her i Klepp, meinte Hovland i fylgje Jærbladet.

Men forslaget møtte motbør og vart til slutt sendt vidare til kommunestyret for ei endeleg avgjerd.

– Dette er ei ømtolig sak for mange, så eg tykkjer det blir rett at alle får sjansen til å seie sitt, sa ordførar Elfin Lea (H)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...