Heim Nyhende Meiner 2008 var eit unntaksår

Meiner 2008 var eit unntaksår

Over halvparten av kommunane hadde eit negativt netto driftsresultat i 2008, viser dei foreløpige kostra – tala. – 2008 var eit unntaksår, seier kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til Kommunal Rapport.

– Eit netto driftsresultat på 0,4 prosent for kommunesektoren er sjølvsagt mykje lågare enn ein kunne ynskje, slår Kleppa fast i avisa.

Ho er likevel optimist for det komande året og meiner kommunebudsjettet for 2009 vil gjere kommunane i stand til å konsolidere stillinga, og ikkje minst betre resultatet.
KS-leiar Halvdan Skard er på si side bekymra.

– Me tok opp situasjonen i eit konsultasjonsmøte med regjeringa nyleg. Kostnadsauken i 2008 var høgare enn ein såg på forhand og kommunane har ikkje slått på bremsene fordi dei ynskjer å oppretthalde tilbodet til innbyggarane. Me ser at aktiviteten har auka, både i skule, pleie- og omsorg og barnehagar, seier Skard til Kommunal Rapport og viser til at regjeringa delvis har teke grep om situasjonen.

– Utgiftene må kuttast dei neste åra viss ikkje inntektene aukar meir, slår Skard fast.

Kleppa meiner det er gledeleg at kostra-tala viser at kommunane har satsa på å styrke velferdstenester som omsorg, barnehagar og skule, og seier til Kommunal Rapport at den raudgrøne regjeringa har gitt kommunane 30 milliardar meir enn i førre periode.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...