Torsdag 15. juli blir det bokbad med Karl Ove Knausgård hjå Jølster Mållag. Det er det einaste arrangementet i Noreg Knausgård har takka ja til i år.
Knausgård har slektsrøter i Jølster, og var mykje der som barn. Noko han også har skrive om i Min Kamp-bøkene.
Karl Ove Knausgård er bokmålsforfattar, men han har ei fortid på Skrivekunstakademiet i Hordaland der han hadde lærarar som Ragnar Hovland, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Han har også vore medlem av Studentmållaget i Bergen. Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, skal også ha ei innleiing til bokbadet.