Heim Nyhende – Kommunane bør ha ungdomsråd

– Kommunane bør ha ungdomsråd

62 av dei 430 kommunane i landet har ikkje ungdomsråd i dag, skriv Framtida.no.

 Dette kjem fram frå ein rapport frå Norsk institutt for by-og regionforsking.

– Når det er lovpålagt å ha eldreråd i alle kommunar, så bør det òg vera ungdomsråd, seier Jannike Hovland, ein av representantane på Ungdommens nasjonalforsamling som gjekk føre seg for vel ei veke sidan til Framtida.no.

Instituttet legg i sin rapport vekt på at barn og unge har liten eller ingen innverknad på område som helsetiltak for ungdom, skule og utdanning. Rådgjevar i Barneombodet, Thomas Wrigglesworth seier også til Framtida.no at kommunane bør bli flinkare til å bruke ungdomsråda på fleire felt. Barneombodet har også saman med Barne – og ungdomsrådet i Oslo teke initiativet til Ungdommens nasjonalforsamling.

Rapporten viser også at dei saksområda som born og unge har mest innverkad på er kulturtiltak og oppretting av fritidsklubbar. To av tre kommunar meiner barne- og ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre medfører auka interesse for lokalpolitiske saker blant born og unge, og like mange meiner organet gjer at saker blir betre førebudd før ei avgjerd skal fattast.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...