Heim Nyhende Eit anna syn på språket

Eit anna syn på språket

Studentane på førskulestudiet hjå Høgskulen i Oslo har laga fotohistorier på nynorsk og seier dei fekk ei anna tilnærming til språket på denne måten.

Andreklassingane har jobba med fotohistoriene som eit tverrfagleg prosjekt i norsk og IKT, og lærarane opplevde at elevane si haldning til språket endra seg undervegs i arbeidet. Studentane på si side opplevde det som morosamt og kreativt å jobbe med språket på denne måten, og no ønskjer dei at dette avlar ei varig haldningsendringa hjå lærarane, skriv HiO.

– Dette må frontast som viktig, seier student Eva Bakken som vann ei intern tevling med si fotohistorie ”Forteljinga om rare dyr”.

Noregs Mållag har ein kampanje gåande i haust som heiter ”Gjennom ord blir verda stor « og som rettar seg mot barnehagane med tilsette, barn og foreldrer, og i samband med det stilte mållagsleiaren opp som jurymedlem når det skulle kårast fem vinnarar av fotohistorier. Øvregård delte ut bøker som premier og bad studentane love å lese dei høgt på nynorsk.

– Nær all tekstformidling til born går i dag føre seg på bokmål. Men jo meir nynorsk ungane har høyrt, jo lettare blir det å møte nynorsken i skolen – anten det er som sidemål eller hovudmål, sa Øvregård til studentane.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...