Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket.
– I utgangspunktet er rolla som kommunane har enormt viktig. Det er kommunane som tilbyr språket til innbyggjarane – mykje meir enn staten gjer. Kommunane følgjer innbyggarane frå vogge til grav. Samstundes ser me at staten er mykje meir regulert og forska på enn kommunane, seier Jorunn Simonsen Thingnes, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.
– Det er litt påfallande lite merksemd om kommunane, seier Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum.
Språkrådet kartleggjer årleg språkbruken i ulike delar av staten. Men noko liknande for kommunane finst ikkje. Nyleg har språkforskarane publisert ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Maal og Minne om språkbruksplanane til nynorskkommunane.

Meir regulert i andre land
I andre språksamfunn, til dømes i Europa, er det meir regulert kva språk som blir brukt i ulike område. I Noreg har kommunane høve til å til å stilla språkkrav til staten, men staten stiller ikkje andre krav til språk i kommunane enn det som står i opplæringslova og det som står i formålsparagrafen til språklova.
– Tydelegare regulering kunne gjera det lettare å realisera språkpolitikken. Men viss reguleringa blir strengare, kan språkpolitikken bli mindre tilpassa lokale forhold, vedgår Fredrik Hope.
Forvirring om språkvedtak
I forskinga på språkbruksplanane, har forskarane merka seg at det er litt forskjell på korleis kommunane oppfattar dei viktige språkvedtaka dei kan gjera.
– Det verkar som det er ein del forvirring rundt kva administrasjonsspråk, språkvedtak og opplæringsspråk er og betyr i praksis, påpeikar Fredrik Hope.
Alle kommunar kan vedta kva språk staten skal skriva til dei på. Det er regulert i ei eiga forskrift og blir kalla språkvedtak. I tillegg kan kommunane vedta administrasjonsspråk i kommunane, altså kva språk kommunane vil bruka sjølv. Den nye opplæringslova seier òg at kommunane skal vedta opplæringsspråk for kvar skule i lokal forskrift.

Tilrår rettleiar
Forskarane tilrår at LNK og gjerne òg Språkrådet og KS lagar ein rettleiar for korleis kommunane kan laga ein språkbruksplan. I ein slik rettleiar kan kommunane få råd om kva dei bør vera obs på og kva som kan vera døme på god språkpolitikk.
– Ein slik rettleiar kan gje nokre svar. Men alle kommunar bør sjølv jobba med spørsmålet: kva betyr det å fremja nynorsk? Likestilling er ikkje nok, slik Eli Bjørhusdal ved Høgskulen på Vestlandet har synt gjennom si forsking, understrekar Jorunn Simonsen Thingnes.









