Stoltenberg-regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2014 til å gi kommunane og fylkeskommunane over 6,2 milliardar kroner meir å rutte med, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Av realveksten på 6,2 milliardar er i overkant av 5,2 milliardar såkalla frie inntekter, pengar som kommunepolitikarane kan bruke til det dei vil, etter det ANB kjenner til.
Den raudgrøne regjeringa legg fram statsbudsjettet 14. oktober.
ANB skriv at den avtroppande regjeringa mellom anna foreslår å styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta. Kommunane får òg auka tilskota til integrering av innvandrarar.
Dei demografiske endringane i form av fødselstal, fleire eldre og innvandring fører til at kommunane får 3,3 milliardar kroner i auka utgifter. Av dette må kommunane dekkje 2,8 milliardar over dei såkalla frie inntektene, ifølgje overslaget til Kommunaldepartementet.
Fylkeskommunane får 1 milliard av veksten i dei frie inntektene, og ifølgje ANB skal halvparten av dette – ein halv milliard kroner – gå til utbetring av fylkesvegane. (©NPK)