Heim Nyhende Kommunar pålegg politikarar ulovleg teieplikt

Kommunar pålegg politikarar ulovleg teieplikt

Over 100 kommunar pålegg dei folkevalde teieplikt frå lukka møter, trass i at dette er ulovleg.

 

Det viser ei undersøking Stavanger Aftenblad har gjort av 140 kommunar.

106 av kommunane pålegg politikarane teieplikt frå lukka møte, medan 23 kommunar har regelverk som opnar for slike avgrensingar. I elleve kommunar var regelverket uklart.

– Det er tydeleg at ikkje alle kommunar er samde i den rette forståinga av reglane, nemleg at folkevalde ikkje har eller kan påleggjast teieplikt anna enn der teieplikt er fastsett ved lov, seier professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen.

For snart 15 år sidan bad Kommunaldepartementet kommunane om å slutte å påleggje politikarane teieplikt i strid med lova. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Vidaregåande skule

Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking...

Ålesund blir språknøytrale

Formannskapet vedtok innstillinga til kommunedirektøren om språknøytralitet mot stemmene til SV. Det nyvalde formannskapet i Ålesund vedtok òg å melda kommunen ut av LNK, ifølgje...

Forlaget lagar tre dagars Fosse-fest

Jon Fosses forlag inviterer til folkefest i Oslo – medan hovudpersonen er i Sverige for å få Nobelprisen i litteratur. Den gratis Fosse-festen finn stad...

300.000 til Nobel-markering for Jon Fosse

Jon Fosse får overrekt litteraturprisen i konserthuset i Stockholm på Nobel-dagen 10. desember. Same helg er det lagt opp til ei markering i Bergen,...