Heim Nyhende Konkurrerer om å få lage reklamefilm om Sogn og Fjordane

Konkurrerer om å få lage reklamefilm om Sogn og Fjordane

Tre produksjonsselskap konkurrerer no om å få lage filmen som skal syne at Sogn og Fjordane er fylket for framtida, skriv Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Filmen skal nyttast for å lokke dyktige og framtidsretta menneske til å flytte til fjord- og fjellfylket. Filmen skal vere klar til februar 2011.

Fristen gjekk ut torsdag, og til saman kom det inn sju tilbod frå ulike produksjonsselskap, og dei tre som no er plukka ut til siste tilbodsrunde er Dinamo (Oslo), Pandora (Bergen), og Feber Film (Bergen). I veke 39 skal avgjersla om kven som får lage filmen vere teken.

Målgruppa for filmen er menneske med høgare utdanning mellom 20 og 45 år, og gjennom filmen ønskjer aktørane bak å skape begeistring for fylket.

Filmen er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og NHO. (NPK)

Førre artikkelLomheim til NRK
Neste artikkelNynorsk på Facebook

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...