Heim Nyhende Nynorsk på Facebook

Nynorsk på Facebook

Liv Marie Schou ved St. Hallvard videregående skole i Lier meiner sosiale medium som Facebook er avgjerande for å lære elevane nynorsk.

 

Ho har gode erfaringar av å la elevane nytte Facebook i norsk-timane.

– Elevane skreiv meldingar, chatta og skreiv på veggen til kvarandre; på nynorsk. I staden for å stengje dei sosiale media ute frå undervisninga, er dei opne på skulen vår. Det er ei utfordring å gjere nynorskundervisninga interessant for sidemålselevar som ikkje ser nytten i faget, skriv ho i eit lesarbrev i Dagbladet.

– La oss gripe tak i elevane der dei er for å nå dette målet. Det kan vere måten å få opp augo for nynorsken på, mange nyttar dialekten sin når dei skriv i dei sosiale media, og da er ikkje vegen lang tilå sjå nytten av nynorsk; dialekt og nynorsk heng tett i hop. Å stengje Facebook ute frå undervisninga i skulen er difor meir bakstrevarsk enn det negative synet mange har på nynorsk, skriv ho vidare.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...